Arbeidsutvalet i Studenttinget

Arbeidsutvalet til Studenttinget (AU) tek seg av den daglege drifta og sørgjer for at vedtaka til Studenttinget vert gjennomførte. AU består av fem studentar som blir valde av Studenttinget kvart år i april.  AU held til på Studenttinget sitt kontor i Berte Kanutte-huset. 

 

 

Leiar

Håvard Bjørnerem 

Mobil: 482 29 314

E-post: havardbj@ga.hivolda.no 

– Som leiar av Studenttinget skal ein først og fremst vere ansiktet utad. På same tid er det mi oppgåve å følgje opp resten av arbeidsutvalet og passe på at arbeidsoppgåver blir utført i tråd med budsjett og vedtekter. 

Fagansvarleg og nestleiar

Oda Næs Skoglund 

Mobil: 951 83 926

E-post: oda.n.skoglund@gmail.com 

– Eg er kontaktperson for alle tillitsvalde, og fylgjer opp saker som er relatert til studiekvaliteten ved Høgskulen. Dersom du har ei henvending angåande fag, karakterar, forelesarar, undervisning ol. så er det berre å ta kontakt. 

Velferdsansvarleg

Guro Kvist 

Mobil: 401 06 038

E-post: gu.kvist@gmail.com 

– Som velferdsansvarleg brenn eg for at alle studentane i Volda skal ha det bra. Ikkje nøl med å kontakte meg dersom du ser noko som skapar mistrivsel. Eg jobbar også for at alle studentlag og -organisasjonar ved Høgskulen saman kan bli best mogleg.

Internasjonalt ansvarleg

Paloma Lorenzale Alonso 

Mobil: 469 64 463

E-post: palomalorenzale.95@gmail.com 

– Eg er her for at dei nternasjonale studentane skal kjenne seg inkludert og høyrt lik linje med andre studentar. Saman med internasjonalt kontor og Pangaia, arbeider eg for deira trivsel og rettigheiter. Eg jobbar også for internasjonalisering og utveksling. 

Informasjonsansvarleg

Simen Jester Langeland 

Mobil: 993 65 743

E-post: langelandjester93@gmail.com 

– Som informasjonsansvarleg har eg hovudansvaret for den daglege drifta og utforming av nettstaden, anna informasjonsarbeid, samt Studenttinget sitt bruk av sosiale medium.

 

 

Organisasjonskonsulent

Marit Aklestad 

Telefon: 70 07 51 51 // 916 94 698

E-post: stiv@hivolda.no // marit.aklestad@hivolda.no 

Studenttinget i Volda har ein fast tilsett organisasjonskonsulent som tek seg av det administrative ved Studenttinget, er møtesekretær og bistår med praktisk og organisatorisk tilrettelegging for at Studentdemokratiet skal få utfalde seg. Organisasjonskonsulenten har kontortid mandag-fredag kl 10-15. Velkomen innom!