Sosialfag - 50 år i Volda. Jubileumskonferanse.

2021-10-20T11:00:00 - 2021-10-22T16:00:00
Legg til i kalender

Jubileumskonferanse

Sosfag50Jubileumskonferansen vil finne stad i Volda 21.-22. oktober 2021. Den første dagen vil bli brukt til å fortelje historia om desse utdanningane i Volda, samt arrangere festmiddag for tilreisande gjester, medan andre dagen vil setje fokus på utfordringar for sosialt arbeid i m.a. barnevernet, NAV, psykisk helsearbeid og arbeidet med minoritetar. Her blir det innleiingar frå sentrale fagfolk på desse felta.

Kari Killén: «Sosialt arbeid i barnevernet». Ho er psykolog og professor emeritus ved NOVA, OsloMet, og ein av pionerane i norsk barnevernsforsking.

Ingerid Aamodt: «Sosialt arbeid i psykisk helsevern». Ho er sosionom, var student i Volda 1973-75, og er no gruppeleiar ved Regionsenter for barn og unges psykiske helse ved Helseregion Øst og Sør.

Lars Inge Terum: «Sosialt arbeid i NAV». Han er sosiolog og professor ved Senter for profesjonsstudier ved OsloMet. Terum var student i Volda 1972-74.

Marianne Rugkaasa: «Sosialt arbeid i eit fleirkulturelt samfunn». Ho er sosialantropolog og professor i sosialt arbeid ved OsloMet, også professor 2 ved HVO.

Del på