Søkarwebinar ph.d.-stipendiat-stillingar

I vurderinga av søkarar, vert det lagt avgjerande vekt på prosjektskissa for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga). Høgskulen arrangerer difor eit søkarwebinar der det blir gitt tips til korleis ein kan lage gode forskingsprosjekt.

Professor II  Per Henning Uppstad vil kort gå gjennom og gje råd om korleis forhalde seg til utlysinga. Resten av tida vil han gi nokre innspel på korleis skrive fram prosjektideen og designet på ein effektiv og klår måte. Siste del av webinaret vil gi rom for spørsmål frå deltakarane.

Webinaret går føre seg torsdag 29. april kl. 14.30–15.45.

Interesserte må innan tysdag 27. april melde seg på til professor Per Halse per mail: per.halse@hivolda.no eller til ein av kontaktpersonane som er oppgjevne i utlysingane. 

Finn dei utlyste ph.d.-stillingane her.

Påmelde vil få tilsendt lenke til webinaret per e-post.
 

Del på: