Sinnemeistring hos vaksne

Litt sint
2022-11-04T08:30:00 - 2022-11-04T15:30:00

Korleis har du det som behandlar når pasienten er sint på deg? Tenkjer du på om pasienten også let sinnet gå ut over borna i heimen?  

På  fagdagen skal vi lære meir om årsaker til sinne og få kunnskap om sinnemestring for vaksne for betre samhandling med born og ungdom. Dette inneber også å lære litt meir om post traumatisk stress forstyrring (PTSD), personlegdomsforstyrringar (PF), kognitiv teori, samspel med born, tilknytingsteori og meistringsstrategiar  
Sinne er ein normal følelse vi alle har. Spørsmålet er derfor ikkje om vi er sinte, men kva som skaper sinne og om vi opplev å ha kontroll. Til fagdagen kjem  psykologispesialist Steinar Sunde frå familievernet som har jobba med desse problemstillingane i mange år. Nettstaden littsint.no er ei teneste med gratis materiell som ein kan nytte i høve  sinnemestring. Innhaldet og verktya er utvikla av Sunde.

Målgrupper for fagdagen: Fastlegar, helsestasjonslegar, kommuneoverlegar, kommunepsykologar, ansatte i psykiskhelsevern på sjukehus (BUP og DPS), kommunal psykiatriteneste og andre tilsette i kommunene (barnevern, PPT).

 

PROGRAM

08.30-09.00 Frammøte og registrering
09.00-09.10 Velkomen og orientering
09.10-09.30 Vald mot born i eit folkehelseperspektiv
09.30-10.00 Ein terapeutisk 400 meter eller maraton: Post traumatisk stressforstyrring og personlegdomsforstyrringar
10.00-10.15 Pause
10.15-11.30 Kunnskap om born og samspel: Gottmann, Greene, ICDP, EFT Montgomery. Nordanger: Den tredelte hjerna og toleransevindauga. Innføring i den kognitive modellen
11.30-12.30 Lunsj
12.30-14.00 Littsint video: konkretisering, avdekking og motivering. Forelesar rollespeler i plenum 
14.00-14.15 Pause
14.15-15.00 Littsint øvingar: Korleis motivere klientar til å øve og skape meistringsopplevingar i situasjonar med borna, med utgangspunkt i kursdeltakarane sine pågåande terapiar og eigne erfaringar.
15.00-15.30 Oppsummering og bruk av littsint framover
15.30 Takk for i dag

PS: Om nokon ønskjer å forberede seg anbefalast det å gå inn på littsint.no og høyre podcasten frå Foreldrerådet med Thea Klingenberg
Forelesar er Steinar Sunde, psykologspesialist og kognitiv veileder, Familievernkontoret i Molde

Kurset er godkjent hos:
* Norsk psykologforening som fritt spesialkurs/vedlikehaldskurs i spesialistutdanninga 

Kurset er godkjent hos Den norske legeforening i følgjande spesialitetar:
*Allmennmedisin: godkjennes med 6 valgfrie kurspoeng til videre- og etterutdanningen (forlengelse av retten til tilleggstakst). 

*Barne- og ungdomspsykiatri: godkjennes med 6 timer for videre- og etterutdanning. 

*Psykiatri: godkjennes med 6 timer for spesialistenes etterutdanning


Påmelding:
Tilsette frå kommunane melder seg på via Deltager.no.
Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.
Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord

 

Pris: 400,- inkl. lunsj.

Frist for påmelding 1. november

 

Del på