Seminar om forskingsetikk

2022-09-13T13:00:00 - 2022-09-13T15:15:00
Legg til i kalender

Forskingsadministrasjonen inviterer til seminar om grunnleggjande forskingsetikk.

Føremålet med forskingsetikken er å fremje fri, god og forsvarleg forsking. Omgrepet viser til lover og retningslinjer, men handlar også om verdiar, kultur og å sikre god vitskapleg praksis. Kvar enkelt forskar har ansvar for å opptre forsvarleg, og sikre at forskinga skjer i samsvar med forskingsetiske normer. 

Vi har invitert Vidar Enebakk, sekretariatsleiar for Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), til å gje ei innføring i forskingsetikk. Enebakk har hovudfag i idéhistorie og doktorgrad i vitskapsteori og vitskapsstudiar frå UiO.

Målgruppa er høgskulelektorar, men møtet er ope for alle. Det vert anledning til å stille spørsmål.

Kontakt forskingsrådgjevar Sunniva Hagen ved spørsmål.

Del på