Lesing og norsk som andrespråk i Sykkylven

Ved oppstart av skuleåret i Sykkylven, var Høgskulen i Volda til stades på ein av planleggingsdagane, og dette markerte startskotet for årets samarbeid om kollektiv kompetanseheving i skulane. 

Fyrst ut var samling på Aure barneskule, der lærarar frå Aure barneskule og Velledalen Montesorriskule var samla, og dette var ei vidareføring av arbeidet med fleirspråklege elevar frå førre skuleår. Birgitte Fondevik formidla korleis ein kan arbeide for at denne elevgruppa skal få best mogleg nytte av undervisninga, og dette skapte engasjerte diskusjonar i lærargruppene. Neste samling var med Sykkylven ungdomsskule som også har arbeid med fleirspåklege elevar som tema, og her var fokus på bevisstgjering av kva denne elevgruppa treng, og kompleksiteten i denne elevgruppa. Skulane vil i det vidare arbeidet legge opp til aksjonar der ein prøver ut arbeidsmåtar knytt til dette arbeidet. 

Siste samling var på Sørestranda skule, der tilsette frå Sørestranda skule og Hundeidvik privatskule var samla til temaet Tid for lesing. Anne Marta Vinsrygg Vadstein leia denne økta, og temaet for samlinga var tilbakemelding frå lærarar og elevmotivasjon. Også her vil lærarane arbeide med utprøving og gjere seg erfaringar om dette fram mot neste samling. 

Etter ein engasjerande dag i Sykkylven, gler vi oss til det vidare samarbeidet!