Leiarar i skule og barnehage som endringsagentar

Torsdag 16. april var leiarar for barnehagar og skular på Søre Sunnmøre samla til leiarseminar i Ulsteinvik. Gjennom samarbeidet i Sjustjerna, arrangerer dei sju kommunane faste samlingar der leiarar på oppvekstfeltet møtest for å lære i lag, knyte kontaktar og skape relasjonar. Samlingane er viktig for leiarutviklinga i regionen, og gjennom forarbeid, etterarbeid og sjølve samlingane får leiarar arbeide med tema som er relevante for leiing og utvikling i eigen eining. 

Tema for vårens samling var “Å vere leiar i omstilling”. Førstelektor Magnar Hjertenæs frå Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda, gjekk i sin presentasjon grundig inn på ulike typar endring og såg på korleis ein som leiar kan møte behov for omstilling. Å sjå eige handlingsrom, legitimere endringar og involvere medarbeidarar, var tema som vart løfte fram og drøfta på borda.  

Sølvi Erviksæter Sjåstad, Fagansvarleg PPT i Vanylven kommune og leiar i arbeidsgruppa for leiarsamlingane, takka i avslutninga for bidraget frå Hjertenæs og innsatsen og engasjementet frå alle deltakarane. Erviksæter Sjåstad trakk særleg fram omgrepet «endringsagent» som deltakarane vart introdusert for, og korleis det positivt ladde omgrepet kan gje motivasjon i krevjande endrings- og utviklingsarbeid. 

Samlinga er ein del av samarbeidet mellom Sjustjerna og Høgskulen i Volda gjennom Tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling (TKK).  

Foto: Sølvi Erviksæter Sjåstad