Inkluderande fellesskap og fellesskapande didaktikk i Rauma
Rauma arrangerte fagdag for alle tilsette i skulen ved oppstart av skuleåret, og tema var inkluderande fellesskap og fellesskapande didaktikk.
Dagen var todelt, og i første del var det fagleg innlegg med professor emeritus Peder Haug frå Høgskulen i Volda. Tema for innlegget var inkluderande fellesskap og fellesskapande didaktikk -eller med Peder Haug sine ord: “Ein skule for og med fellesskap”. Etter lunsj presenterte fagleg koordinator for kollektiv kompetanseutviking Toril Romestrand Hjelle eit oppdrag som dei tilsette tek med seg tilbake til skulane. Dette oppdraget skal resultere i ei utprøving av ulike fellesskapande aktivitetar etter aksjonslæringsmetoden.
Høgskulelektorane Mari Vinjevoll og Birte Haddal Engeset skal seinare i år vitje skulane i Rauma og høyre kva erfaringar dei tilsette gjer seg med utprøvingane dei gjennomfører.

