Kollektiv kompetanseutvikling
Å styrke kompetansen til lærarar og andre tilsette i barnehage og skule er viktig for å kunne gi eit tilbod til alle barn og elevar som skaper utvikling, læring, meistring og trivsel.
Tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling (TKK) omfattar alle tilsette i barnehage og skule, og skal bidra til kompetanseutvikling på arbeidsplassen ut frå lokale behov. Gjennom kollektive kompetansetiltak skal tilsette utvikle eigen praksis og kvalitet på tilbodet - i partnarskap med universitet og høgskular eller i eit forpliktande samarbeid med fagskular.
Partnarskap skal også bidra til å gjere lærarutdanningane meir praksisnære og oppdaterte. (System for kompetanse- og karriereutvikling for ansatte i barnehage og skole, 2025)
Det er éi tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling for barnehage og grunnskule, og éi for vidaregåande opplæring, for yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.
Viktige prinsipp for samarbeidet; tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling skal:
- vere langsiktig og føreseieleg
- bygge på likeverdige partnarskap
- møte lokale kompetansebehov i barnehagar og skular, og ivareta tilsette sin medråderett
- vere kunnskapsbasert
- sjåast i samanheng med individuell kompetanseutvikling

Løftar leseopplæringa med pionerprosjekt. Leseplanen i Sande, Ulstein og Herøy har blitt til gjennom godt samarbeid mellom kommunane og Høgskulen i Volda. Elevar ved Bergsøy skule. Foto: Svein Arne Orvik.
Kontakt
Fagleg koordinator: Torstein Drabløs
- Kollektiv kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring
Fagleg koordinator: Toril Romestrand Hjelle
- Kollektiv kompetanseutvikling i Romsdal
- Høgskulen i Volda sitt arbeid med oppfølgingsordninga
Fagleg koordinator: Kjersti Markegård
- Kollektiv kompetanseutvikling på Sunnmøre
Informasjon om individuell kompetanseutvikling / vidareutdanning for lærarar og barnehagelærarar finn du her.