Rebusløype i Elvadalen

2020-10-10T01:00:00 - 2020-10-31T23:30:00
Legg til i kalender

10. oktober er det Verdsdagen for psykisk helse og på Høgskulen i Volda markerar vi den med "Psykisk helsemånad". Eit av arrangementa denne månaden er Rebusløype i Elvadalen. Gå ein tur langs elva aleine eller saman med ein venn (med 1 meters avstand), og finn svaret på oppgåvene langs vegen. Postane har også eit spørsmål til refleksjon og samtale på vegen vidare til neste post. 

Er du student kan du sende inn svaret saman med studentnummeret ditt og vere med i trekninga om premien som er gåvekort på Gerianger Bakeri (500,-), og Volda Kino (500,-) samt ein liten overraskelse frå Høgskulen. 

God tur! :-)

 

Hugs også:
⁃ Hald deg heime om du er sjuk.
⁃ Hald minst ein meter avstand til andre.
⁃ Ha god handhygene med grundig og hyppig vask, eller benytt handsprit.

Del på