#PRprat: Praktiske verktøy- og designtips til SoMe
Onsdag 17. april er Mariell Midtbø Bøyum gjesten i #PRprat. Ho arbeider som digital marknadsførar og designar i FLOYD.no. Bøyum gjev sine beste, praktiske tips om utstyr og design til dei som vil arbeide med innhald i sosiale medium (SoMe).
Mariell Midtbø Bøyum, fotografert med iPhone som døme på enkle arbeidsverktøy. Foto: privat.
Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!
17. april: Praktiske verktøy- og designtips til SoMe
Gjesten i #PRprat onsdag 17. april mars kl. 12 er Mariell Midtbø Bøyum. Ho arbeider som digital marknadsførar og designar i FLOYD.no.
– Sosiale medium (SoMe) er visuelle kanalar, og det krev godt innhald både i form av tekst, bilete og video. Alle kanalar har ulike spesifikasjonar og krav til innhaldet som skal publiserast. I tillegg er det ulikt kva type innhald som fungerer best i kva kanal som blir prioritert, fortel Bøyum.
Verktøya er tilgjengelege
– Før var det naudsynt med profesjonelt utstyr som spegelreflekskamera og Adobe-program til redigering for å få høg kvalitet på innhaldsproduksjonen. I dag kjem ein langt med ein mobiltelefon og enklare redigeringsprogram som Canva. Om ein betalar ein liten slant og får proffversjonen, er der endå fleire funksjonar. Det er med på å gjere arbeidskvardagen mykje enklare for meg og mange i bransjen, fortel Bøyum.
– Onsdag kjem eg til å vise døme på kva ein kan få til å sjå bra ut og som fungerer, i enkle redigeringsverktøy, seier ho.
Planlegg, analyser og evaluer innhaldet
– Å produsere innhald på premissane til målgruppene og kanalane er viktig for å lykkast i sosiale medium. Det krev strategisk planlegging, fortel Bøyum.
– Dei som skrollar, vil bli underhaldne, inspirerte eller lære noko nytt. Derfor er det lurt å ha ein strategi og plan for innhaldsproduksjonen som viser kva ein skal fokusere på og kvifor, kva skal ein oppnå, og korleis skal ein få det til. På den måten kan ein enklare analysere innhaldet i etterkant og evaluere om innhaldsproduksjonen fungerte eller om ein må justere noko, seier ho.
- Tidspunkt: Onsdag 17. april kl. 12.00–12.45.
- Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
#PRprat
Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Alle medie- og kommunikasjonsinteresserte er inviterte til å følgje med.
Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.
Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
- Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.