#PRprat: Ope nettmøte om politisk kommunikasjon i sosiale medium

Onsdag har #PRprat invitert Simen Gald. Han arbeider med politisk kommunikasjon i sosiale medium. Korleis driftar dei store departementa kanalane sine i sosiale medium? Kven er målgruppene?

Tre personar i samtale rundt eit bord.

Foto: Marius Beck Dahle.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

24. januar: Sosiale medium og politisk kommunikasjon

Neste gjest i #PRprat er Simen Gald, kommunikasjonsrådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og tidlegare mediestudent i Volda.

  • Tema: Sosiale medium (SoMe) og politisk kommunikasjon i departementa.
  • Sentrale spørsmål: Korleis driv departementa SoMe-kanalane sine, og kvifor? Kven er målgruppene? Kan SoMe bidra til inkludering?
  • Tidspunkt: Onsdag 24. januar kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: