#PRprat: Ope nettmøte om fotorealisme og KI

Kva er fotorealisme i 2024, og korleis skal vi forhalde oss til kunstig intelligens (KI), kommunikasjon og media når det gjeld foto? Bli med på eit ope nettmøte 17. januar.

Tre personar i samtale rundt eit bord.

Foto: Marius Beck Dahle.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

17. januar: fotorealisme og KI

Første gjest i #PRprat er Ståle Bjørlykke Grut, stipendiat ved Photofake-prosjektet ved UiO og tidlegare mediestudent i Volda. Grut var journalist og rådgjevar i NRKbeta fram til 2022 og har også skrive boka Digital kildekritikk (Gyldendal, 2021).

  • Tema: Kva er fotorealisme i 2024, og korleis skal vi forhalde oss til KI, kommunikasjon og media når det gjeld foto?
  • Tidspunkt: Onsdag 17. januar kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: