#PRprat: Korleis involverer politiet innbyggjarane?
Caroline Carho, seniorrådgivar i politiet, er gjest i #PRprat onsdag 28. februar. Ho vil snakke om korleis politiet involverer publikum og let innbyggarane si stemme bli ein naturleg del i utvikling av tenestene til politiet.
Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!
28. februar: Korleis involverer politiet innbyggjarane?
Onsdag 28. februar kl. 12.00 kjem seniorrådgivar Caroline Carho i politiet til #PRprat. Ho vil snakke om korleis politiet involverer publikum og let innbyggarane si stemme bli ein naturleg del i utvikling av tenestene til politiet.
Caroline Carho jobbar med kommunikasjon, strategi, endring og utvikling i Politidirektoratet sin kommunikasjonsstab. Ho brenn særleg for at dei skal involvere innbyggarane i, ja, alt det politiet gjer.
Men korleis kan politiet la folk flest ha større innverknad på korleis dei jobbar?
Caroline er med på eit initiativ i politiet som dei kallar «Innbyggerstemmen». Ho fortel om erfaringane med å la innbyggarane si stemme bli ein naturleg del av korleis politiet vidareutviklar tenestene sine, og den endringsreisa som politiet har vore på – og framleis er på.
Caroline Carho har bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. I tillegg har ho mastergrad i innovasjon og leiing frå Universitetet i Søraust-Noreg.
- Tidspunkt: Onsdag 28. februar kl. 12.00–13.00.
- Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
#PRprat
Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.
Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
- Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.