#PRprat: Korleis driv Vinmonopolet med pressearbeid?
Onsdag 15. mai er gjesten i #PRprat kommunikasjonsrådgjevar Sunniva Agnete Trøen frå Vinmonopolet.
Illustrasjonsbilde skapt med kunstig intelligens av Kristian Fuglseth.
Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Nettmøta er opne for alle!
15. mai: Korleis driv Vinmonopolet med pressearbeid?
- Tidspunkt: Onsdag 15. mai kl. 12.00–12.45.
- Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
#PRprat
Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Alle medie- og kommunikasjonsinteresserte er inviterte til å følgje med.
Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.
Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
- Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.