#PRprat: Kommunikasjonsarbeid i ein medlemsorganisasjon

Onsdag 3. april er Amalie Fjelde Larsen gjest i #PRprat. Ho arbeider i Norges Ishockeyforbund og vil prate om korleis det er å jobbe med kommunikasjon i ein medlemsorganisasjon.

PR-prat, illustrasjon.

Illustrasjonsbilde skapt med kunstig intelligens av Kristian Fuglseth.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

3. april: Kommunikasjonsarbeid i ein medlemsorganisasjon

Gjesten i #PRprat onsdag 3. april mars kl. 12 er Amalie Fjelde Larsen. Ho arbeider med kommunikasjon i Norges Ishockeyforbund.

– Jobben i ishockeyforbundet var min første «vaksenjobb,» fortel Amalie.

– Etter bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media i Volda bestemte eg meg for å ta eit årsstudium ved Høyskolen Kristiania for å styrkje den praktiske kompetansen min ytterlegare. Deretter gjekk vegen vidare til eit vikariat som kommunikasjonskonsulent i Norges Ishockeyforbund, seier ho.

Mykje ansvar på få folk

– Eg blei kasta rett inn i det og fekk umiddelbart mykje ansvar. Før eg byrja i ishockeyforbundet, hadde eg faktisk berre sett éin ishockeykamp, og eg visste lite om spelet. Men eg blei raskt engasjert. Det som gjorde det spennande å jobbe ishockeyforbundet, var at kollegaene mine var ekstremt engasjerte i sporten. Dette er noko dei verkeleg brenn for, og det smittar over på andre. Det er utruleg inspirerande å arbeide saman med menneske som er så lidenskapelege for det dei driv med, i ein medlemsorganisasjon, fortel Amalie.

– Å jobbe i eit lite forbund som ishockeyforbundet er mykje jobb og lite folk. Kommunikasjonsavdelinga bestod av berre meg sjølv, og eg arbeidde med alt frå plakatdesign, videoredigering og tekstproduksjon til oppfølging av samarbeidspartnarar, seier ho.

Å inkludere breidda og ikkje berre landslaget

#PRprat 3. april vil handle om korleis det er å arbeide i ein medlemsorganisasjon. Det er mange kommunikasjonsfolk som ofte er åleine eller veldig få med mykje ansvar for veldig mange medlemmer.

Då blir ein, slik som Amalie, kasta ut i det med fullt ansvar frå starten av, og noko av det viktigaste er mellom anna å inkludere alle medlemmene.

– I ishockeyforbundet må vi ta vare på og inkludere alle medlemmene våre og ikkje berre landslaga, seier Amalie.

Ishockeyforbundet har det siste året vore sterkt prega av dårleg økonomi, både internt og med stor merksemd i media.

– Det gjer det kanskje berre endå meir interessant å arbeide ein stad der følgjarane våre har høge forventningar, men der økonomiske og kapasitetsmessige avgrensingar har hindra oss frå å møte alle desse krava. Alt må vurderast nøye, og vi må gjere tøffe prioriteringar, fortel Amalie.

  • Tidspunkt: Onsdag 3. april kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: