#PRprat: Kommunikasjon om mangfald, likestilling og inkludering

Kristine Kotte-Eriksen er rådgjevar og føredragshaldar. 22. mai er ho gjest i #PRprat for å snakke om korleis ho rettleier bedrifter i å kommunisere mangfald, likestilling og inkludering utan at det blir berre tomme ord.

Kristine Kotte-Eriksen

Kristine Kotte-Eriksen. Foto: privat.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Nettmøta er opne for alle!

22. mai: Mangfald, likestilling og inkludering er sosial berekraft

Etter PR-utdanninga i Volda starta Kristine Kotte-Eriksen i ulike kommunikasjonsroller i næringslivet før ho heldt fram med kjønnsstudiar i Skottland og gjekk vidare til å jobbe med mangfald på eit av verdas største forskingssenter, CERN i Sveits.

Ved hjelp av strategisk kommunikasjonsarbeid fekk ho gjennom CERN sin første strategi for å betre kjønnsbalansen og nasjonalitetsmangfaldet. Sidan har ho jobba i Equality Check, som leverer verktøy for å måle likestilling og mangfald i bedrifter.

– Det har vore heilt fantastisk å få arbeide med noko som eg brenn for, seier Kotte-Eriksen.

Samfunnet går framover

– Dei verksemdene som satsar på betre kjønnsbalanse og inkludering, tener på det, det er det ikkje tvil om. Både fordi dei får utnytta personalet betre, og for å få innfridd ein del av dei forventningane som samfunnet rundt dei har, seier Kotte-Eriksen.

– Dette er ein del av sosial berekraft, og då kjem ein bort i lovverk som mange verksemder vegrar seg for å ta tak i, fortel ho.

– Skeiv kjønnsbalanse på toppen og låg kompetanse mellom leiarar er noko av forklaringa, ifølgje Kotte-Eriksen, som legg til at det ofte ikkje blir betre når desse problema blir forsterka av lite systematisk jobbing og ein heil del berøringsangst.

Lovverk for sosial berekraft

Men det går framover. Sakte, men sikkert.

– Av ytre drivkrefter finn vi lovverk og rapporteringskrav, noko kommunikasjonsavdelinga i eit selskap må setje seg inn i. Dette er kommunikasjon som kan bidra til at arbeid med mangfald og likestilling går mykje lettare, forklarer Kotte-Eriksen.

Vi skal kome nærmare inn på dette under #PRprat 22. mai.

– Det er mellom anna styrekvoteringslovverket og aktivitets- og utgreiingsplikta («redegjørelsesplikten») som ofte er eit omfattande arbeid.

Kotte-Eriksen fortel at å kommunisere sosial berekraft kan vere lurt for å rekruttere frå den yngre delen av arbeidsstokken. Unge arbeidstakarar som er fødde i dette årtusenet, ser etter arbeidskulturar som passar til deira forventningar. Ved å tette denne generasjonskløfta kan mange bransjar lukkast betre med å trekke til seg talent mellom ein yngre generasjon som blir i selskapa lenger.

– Dei beste går ikkje lenger berre etter løn, men ser også etter ein moderne arbeidskultur, seier Kotte-Eriksen.

Kommunikasjon, leiing og kultur

I dag driv Kristine Kotte-Eriksen sitt eige selskap som føredragshaldar og rådgjevar innan sosial berekraft. Ho skreiv masteroppgåve om maskuline og feminine eigenskapar i leiing og kultur, og har spesialisert seg på selskap med skeiv kjønnsbalanse.

– Det må gi meining for selskapa. Ikkje la desse viktige tema bli berre tomme ord. Selskapa må arbeide med dette slik at det gjev utteljing og ein gevinst. Då er kommunikasjon sentralt, men det er også ein arbeidsfilosofi – eller leiarfilosofi, fortel Kotte-Eriksen.

– Ein viktig del av arbeidet mitt er å få leiarar til å utvikle seg, finne metodar og teknikkar som gjer at dei jobbar og kommuniserer om mangfald på ein meiningsfull måte.

  • Tidspunkt: Onsdag 22. mai kl. 12.00–12.45.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Alle medie- og kommunikasjonsinteresserte er inviterte til å følgje med.

Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: