#PRprat: Klima- eller vêrvarsel?
Onsdag 10. april er Charlotte Stark gjest i #PRprat. Ho er senior kommunikasjonsrådgjevar ved Meteorologisk institutt og vil prate om kva som er vêr, og kva som er klima, og kvifor det er viktig å formidle korrekt og enkelt.
Illustrasjonsbilde skapt med kunstig intelligens av Kristian Fuglseth.
Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!
10. april: Klima- eller vêrvarsel?
Gjesten i #PRprat onsdag 10. april mars kl. 12 er Charlotte Stark. Ho er senior kommunikasjonsrådgjevar ved Meteorologisk institutt.
Sjølv om vêr og klima høyrest likt ut, er det to ulike ting som er lette å blande. Charlotte Stark i vil forklare kvifor det er viktig å formidle korrekt og enkelt, og ikkje minst korleis dette kan gjerast når dei i vêrvarslinga jobbar seg fram til å varsle om begge delar.
– For å seie det mildt: Vi samarbeider hardt med kollegaene våre, fortel ho.
Frå X til EU på ein dag
– Sjølv om eg arbeider i redaksjonen og postar saker i lag med meteorologar og klimaforskarar på YR sin X-konto, så er rolla mi å hjelpe prosjektleiarar å handtere alt frå planlegging av kommunikasjon til formidling av resultat, forklarer Charlotte Stark.
– Ein kan seie at som formidlar i Meteorologisk institutt må ein vere både litt strateg og litt teknikar i alt frå publisering eksternt til utvikling av EU- eller NFR-prosjekt som forskarane våre søkjer på, seier Stark.
– Denne rolletypen er ganske fersk og lite utprøvd for min del, så det betyr ofte å trakke i upløgd mark for å finne ut korleis kompetanse om kommunikasjon kan nyttast på best måte, fortel ho.
- Tidspunkt: Onsdag 10. april kl. 12.00–12.45.
- Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.
#PRprat
Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Alle medie- og kommunikasjonsinteresserte er inviterte til å følgje med.
Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.
Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).
- Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.