#PRprat: Frå Volda til Silicon Valley, New York og Brussel

Onsdag 13. mars er Anette Møllersen Bjørnå gjest i #PRprat. Den tidlegare PR-studenten ved HVO er i dag kommunikasjonsrådgjevar hos Nord-Noregs europakontor i Brussel. Bli med og høyr om reisa hennar dit!

PR-prat, illustrasjon.

Illustrasjonsbilde skapt med kunstig intelligens av Kristian Fuglseth.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

13. mars: Frå Volda til Silicon Valley, New York og Brussel

Gjesten i #PRprat onsdag 13. mars kl. 12 er Anette Møllersen Bjørnå. I dag jobbar ho som kommunikasjonsrådgjevar hos Nord-Noregs europakontor i Brussel. Ho vil ta oss gjennom korleis kommunikasjonsstudiet ved Høgskulen i Volda (HVO) førte henne til jobb i Silicon Valley, New York og Brussel og til slutt heim til Mo i Rana.

Anette jobbar med kommunikasjon, påverking, kunnskapsdeling og posisjonering av nordnorske interesser inn mot EU. Kommunikasjon har vore hjørnesteinen i karrierereisa hennar frå Volda til i dag. Anette er spesielt oppteken av at kommunikasjon først og fremst handlar om å forstå seg sjølv, og at ein deretter bruker denne forståinga til å tolke kva andre menneske ønskjer og har behov for.

Har bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media lagt grunnlaget for steget ut i den store verda?

– For mange unge er det først og fremst eit stort steg å ta valet om å flytte til Volda, seier Anette.

– Dei aller fleste studentane kjem frå heilt andre stader i landet, og det betyr at dei er langt heimanfrå og vekke frå både familie og vennar. Dermed er dei aller fleste studentane i Volda i same båt. Det gjer det veldig enkelt å knyte nye band. Allereie her lærer ein veldig mykje om seg sjølv og – ikkje minst – om dei nye vennane sine, fortel Anette.

Gjennom bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media ved HVO fekk Anette sjansen til å ha praksis og å skrive bacheloroppgåve ved Innovasjon Norge sitt kontor i Silicon Valley i California. Det gav meirsmak, fortel ho, og ho brukte nettverket sitt til å utforske fleire moglegheiter i USA. Dette førte så til at ho kapra ei trainee-stilling ved det Norske generalkonsulatet i New York. Den internasjonale erfaringa gav henne lysta til å fordjupe seg meir i den globale settingen, og ho søkte seg derfor inn på ein master i global leiing. No skriv ho masteroppgåve medan ho jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i Brussel.

Møt Anette og høyr hennar inspirerande forteljing live i #PRprat.

  • Tidspunkt: Onsdag 13. mars kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: