#PRprat: Finanskommunikasjon og «oljefondet sin veslebror»

Onsdag 20. mars er Marius Brevik gjest i #PRprat. Han fortel om korleis det er å jobbe med ekstern og intern kommunikasjon i Folketrygdfondet.

PR-prat, illustrasjon.

Illustrasjonsbilde skapt med kunstig intelligens av Kristian Fuglseth.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

20. mars: Finanskommunikasjon og «oljefondet sin veslebror»

Gjesten i #PRprat onsdag 20. mars kl. 12 er Marius Brevik. Han jobbar med ekstern og intern kommunikasjon i Folketrygdfondet. I en variert kvardag jobbar han med alt frå sosiale medium og pressespørsmål om komplekse tema i finansmarknaden til å vere redaktør for intranett og svare på e-poster frå personar som har forveksla Folketrygdfondet med NAV.

Folketrygdfondet blei etablert i 1967 og forvaltar Statens pensjonsfond Noreg på vegner av Finansdepartementet. Fondet er ein betydningsfull eigar i norsk næringsliv og er blant dei største eigarane i norske bedrifter som Equinor, DNB, Telenor og Norwegian. Fondet forvaltar 354 milliardar kroner og er den største institusjonelle investoren på Oslo Børs.

Likevel er det relativt få i den norske befolkninga som kjenner til fondet og verksemda deira. Noko av forklaringa ligg i at vi i Norge har eit anna fond som nyleg bikka 17 000 milliardar kroner, betre kjent som «oljefondet».

I #PRprat skal Marius snakke om korleis det er å jobbe i Folketrygdfondet – eit investeringsfond som i dag ikkje har noko som helst med folketrygda å gjere, men som investerer fellesskapet sine sparepengar på Oslo Børs og andre nordiske børsar. Han fortel om korleis det er å «omsetje» komplisert finansspråk til forståeleg innhald som skal opplyse og engasjere ulike målgrupper om det viktige samfunnsoppdraget det er å forvalte fellesskapet sine midlar på ein ansvarleg måte.

  • Tidspunkt: Onsdag 20. mars kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: