#PRprat: Den vanskelege balansen mellom vern og bruk av naturen

Kommunikasjonsrådgivar Trym Bergan Solli i Den Norske Turistforening (DNT) Drammen og Omegn er gjest i #PRprat onsdag 6. mars. Han vil snakke om korleis DNT balanserer det at dei vil ha flest mogleg ut i naturen, samtidig som dei arbeider for eit berekraftig friluftsliv.

PR-prat, illustrasjon.

Illustrasjonsbilde skapt med kunstig intelligens av Kristian Fuglseth.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

6. mars: Den vanskelege balansen mellom vern og bruk av naturen

Onsdag 6. mars kl. 12.00 kjem kommunikasjonsrådgivar Trym Bergan Solli i Den Norske Turistforening (DNT) Drammen og Omegn til #PRprat. Han vil snakke om korleis DNT balanserer det at dei vil ha flest mogleg ut i naturen, samtidig som dei arbeider for eit berekraftig friluftsliv.

Trym Bergan Solli blei uteksaminert frå bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media ved HVO i fjor sommar, og han starta i DNT med det same. Han er veldig engasjert i å formidle moglegheitene i friluftslivet, og han har vore aktiv som frivillig i fleire miljø som har med kommunikasjon og friluftsliv å gjere.

– Eg er svært oppteken av debatten rundt bruk og vern av naturen, og DNT er ein arena der eg verkeleg får jobbe med dette feltet, fortel Trym.

  • Tidspunkt: Onsdag 6. mars kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

Frå kommunikasjon til handling

Trym vil fortelje om korleis han arbeider med kommunikasjon for å gjere DNT sitt store nettverk av hytter tilgjengeleg gjennom mellom anna å arrangere aktivitetar og skape innhald, men også for eksempel det at DNT gjer noko så konkret som å merkje stiar langs kysten og i fjellet der ein vil at folk skal gå. Slik får DNT folk til å halde seg på stien og ikkje trakke ned naturen der han heller får litt vern.

Deling i staden for nedbygging

Eit anna døme som Trym trekkjer fram, er korleis ein kan drive hyttedeling i staden for å byggje nytt. Nedbygging av naturen er ikkje bra, og ein serie som til dømes «Oppsynsmannen» i NRK har blitt ei viktig stemme i offentlegheita som set søkjelys på problema med nedbygging av natur til fordel for store hyttefelt som berre blir brukte nokre dagar i året. Her kjem også problemstillinga om regulering av ferdsel – til dømes på Hardangervidda, der villreinen har sitt område. Public Relations og kommunikasjonsarbeid kan vere mykje rart.

I DNT Drammen og Omegn er Trym involvert i det meste innanfor medie- og kommunikasjonsfaget, både pressearbeid, redaksjonelt ansvar og innhaldsproduksjon i alle kanalane deira. DNT Drammen og Omegn er ei av 56 medlemsforeiningar i Noreg som arbeider tett saman for å formidle den same viktige bodskapen med éi felles stemme over heile landet. Trym fortel at dei er ei utvida kommunikasjonsgruppe på om lag 25 tilsette som deler erfaringar og samarbeider på kryss og tvers av Noreg.

– Eg har ansvar for å formidle det som skjer i vårt medlemsområde frå Svelvik i sør til Hemsedal i nord, fortel han.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: