#PRprat: Bruk kommunikasjonsfaget til å dyrke interessene dine

Nora Presttun Hindenes er gjest i #PRprat onsdag 21. februar. Ho er visuell kommunikasjonsrådgivar i miljøstiftinga ZERO.

Tre personar i samtale rundt eit bord.

Foto: Marius Beck Dahle.

Dette vårsemesteret arrangerer Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda (HVO) #PRprat: ein serie opne nettmøte om spennande tema innan media og kommunikasjon. Alle som vil, kan bli med!

21. februar: Bruk kommunikasjonsfaget til å dyrke interessene dine

Onsdag 21. februar kl. 12.00 har #PRprat invitert visuell kommunikasjonsrådgivar Nora Presttun Hindenes i miljøstiftinga ZERO. Ho vil snakke om korleis du kan bruke kommunikasjonsfaget til å dyrke interessene dine.

Etter å ha studert i Volda har Nora dyrka interessene sine innan klima og miljø og visuell kommunikasjon.

Vi får også tid til å snakke litt om ulike forventningar som interessegrupper, miljøbevegelse og politiske pressgrupper har overfor verksemder når det gjeld klima- og miljøspørsmål – men kom gjerne med spørsmål i chatten undervegs. 😊

I miljøstiftinga ZERO jobbar Nora med kreativ innhaldsproduksjon og er ansvarleg for digitale kanalar og grafisk arbeid. Ho har også vore kommunikasjonsmedarbeidar i WWF (Verdas naturfond).

Ho har bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda og mastergrad i medieutvikling frå OsloMet – storbyuniversitetet. I haust har ho vore del av Berghs School of Communication sitt «Advanced Design»-program.

  • Tidspunkt: Onsdag 21. februar kl. 12.00–13.00.
  • Lenkje til nettmøte på Microsoft Teams her. Du kan gå inn som «gjest» ved å trykkje på Opne i nettlesar.

#PRprat

Målet med dei opne nettmøta i serien #PRprat er å skape ein møteplass for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar mellom fagmiljøet og praksisfeltet. Fleire av HVO-studentane ved Avdeling for mediefag er ute i praksis gjennom vårsemesteret, medan andre studentar er på utveksling i utlandet. Tilbodet er også tilpassa desse, slik at dei kan ha ein kontakt tilbake til fagmiljøet sitt i Volda sjølv om dei oppheld seg ute i praksisverksemder eller ved utanlandske universitet.

Er du nysgjerrig på kva tema som ventar utover våren? Du kan sjå heile møteserien her (eksternt Google-dokument).

  • Kontaktperson for møteserien: Kristian Fuglseth, førstelektor ved Institutt for kommunikasjon.

Del på: