Premiere på ny studentpodkast
Første episode av den flunkande nye podkasten, Podkrastinasjonen, blir sloppe måndag 11. mai! Få med deg premiera på podkasten som skal ta opp det studentane i Volda bryr seg om, send inn dine forslag til det du vil høyre meir om og få ein litt betre studiekvardag.
I første episode gjestar Trym Rimmen studio. Han er musikkstudent og held no på å skriv ferdig bacheloroppgåva si. Rimmen er også akkurat blitt attvalt som leiar for studentparlamentet, og er opptatt av å jobbe for at det å vere student i Volda skal vere så fint som mogleg.
– Første episode handlar om studentkvardagen slik den er no, og korleis studentgjesten vår, Trym, har funne si løysing på det. Vi tek opp tema som prokrastinering, struktur og det å vere litt snill med seg sjølv, avslørar Lone Ellingvåg Knutsen og Eli Anne Løksa.
Dei er høvesvis studenthumanist ved Høgskulen i Volda og studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda og debuterer no som podkast-programleiarar. – Innhaldet vil variere alt etter kven vi har ein prat med, og kva studentane ønskjer at vi skal tematisere. No i desse tider er sjølvsagt eksamenstida og koronakvardagen aktuell. Dette er uansett ikkje ein koronapodkast, men eit konsept vi ønskjer skal overleve pandemien, seier duoen.