Nasjonal PPU-konferanse 2020: lærarkvalifisering for framtida

Velkomen til PPU-konferanse 9.-10.-mars 2020 ved Høgskulen i Volda! 

Praktisk pedagogisk utdanning for allmennfag og yrkesfag er landets største lærarutdanning, og avgjerande for å sikre brei rekruttering til vidaregåande opplæring over heile landet. Studiet er kort og intensivt, breitt samansett, og krev høg grad av koordinering og samarbeid mellom fagdisiplinar, utdanningsvitskap og praksis. Målet om heilskaplege studieprogram som integrerer teori og praksis, forskings- og utviklingsarbeid, progresjon og profesjonsretting krev samarbeid, erfaringsdeling og forsking. Konferansen er ein møteplass for alle som har interesse for vidareutvikling av PPU i ei tid der endringar i fag og struktur pregar lærarutdanningane.  

Overordna tema for programmet er PPU som framtidig lærarkvalifisering i regional, nasjonal og internasjonal kontekst. Forskingsarbeid knytt til nye læreplanar, vurderingsordningar og faginnhald i framtidas vidaregåande opplæring vert presentert av foredragshaldarar med førstehandskjennskap til endringar i skulesektoren.  

Nytt for årets PPU-konferanse er at vi inviterer til posterpresentasjonar for forskings- og utviklingsprosjekt knytt til lærarutdanning. Slik vil vi styrke konferansen som ein kvalifiserings- og delingsarena for alle som arbeider i utdanninga.  Vi håpar på at mange vil dele sine prosjekt.

Meir om transport til og frå Volda.