Kva er PPU?

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium, som kvalifiserer deg til å verte lærar. Studiet skal, mellom anna, gjere deg i stand til å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring. Dei praktisk pedagogiske utdanningane ved Høgskulen i Volda er styrt av nasjonale forskrifter og retningslinjer. Desse finn ein her: https://www.uhr.no/temasider/nasjonale-retningslinjer-for-larerutdanningene/

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er for deg som har tatt ei fagutdanning med skulerelevante fag, og som no ynskjer å kvalifisere deg til å verte lærar innan allmenne fag på ungdomssteget eller i vidaregåande skule. Utdanninga kvalifiserer også for arbeid på mellomsteget. Høgskulen i Volda tilbyr PPU for allmenne fag både som campusbasert heiltidsutdanning på eitt år, og som samlingsbasert, nettstøtta deltidsutdanning over to år.
Utdanninga består av 30 stp pedagogikk, og 30 stp fagdidaktikk, med 60 dagar rettleidd praksis som ein integrert og viktig del av studiet. For å gje deg eit godt grunnlag, vil du ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Deltidsstudentar som er i arbeid som lærar, vil kunne ha delar av praksisen på eigen skule, om dei ynskjer det.
Opptakskrava til PPU for allmenne fag finn du her: https://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§3-2 og retningslinjer HER
Høgskulen i Volda har fagdidaktiske tilbod innan norsk, samfunnsfag, framandspråk, realfag (matematikk/naturfag), RLE,  mediefag, kroppsøving/idrett, musikk, kunst og handverk og teater og dramafag. Kva fagdidaktisk tilbod vi kan gje, vert bestemt ut frå tal på kvalifiserte søkjarar. Til no har vi klart å gje tilbod i dei fleste av desse faga kvart år. 
  

Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag

Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag er først og fremst for deg som har tatt ei yrkesretta utdanning og som no ynskjer å kvalifisere deg til å verte yrkesfaglærar i vidaregåande skule. Utdanninga kvalifiserer også for lærararbeid på ungdomssteget, instruktør i bedrift, opplæringskontor, anna vaksenopplæring og innanfor høgre utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for.
Høgskulen i Volda tilbyr praktisk-pedagogisk  utdanning for yrkesfag som samlingsbasert deltidsutdanning over to år. Utdanninga består av 30 stp pedagogikk, og 30 stp yrkesdidaktikk, og med 60 dagar rettleidd praksis som ein integrert og viktig del av studiet. Ein del av praksis vert på ein tildelt skule, og der 10 dagar av praksisen også skal vere på ungdomssteget. For deg som er i arbeid som lærar, vil du også kunne ha delar av praksisen på eigen skule.
Opptakskrava til PPU for yrkesfag finn du er: https://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§3-3

Studie og emneplanar PPU

Studie og emneplanar finn du i studiekatalogen til Høgskulen i Volda. I denne LENKA er eit søk som som gjer at du raskt finn dei tre ulike programma våre innan PPU.

Vanlege spørsmål og svar om PPU 

På denne sida kan du lese sjå på ein del vanlege spørsmål og svar om PPU vi brukar å få ved Høgskulen i Volda.

 

Kompetansekrav til lærarar - UDIR

Vil du vite meir om kompetansekrav til lærarar, sjå på Utdanningsdirektoratet sine sider: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/saksbehandling/larerkompetanse/

Korleis søkje PPU?

Søknadsfrist er 15. april. Vanlegvis brukar opptaksbrev bli sendt ut i starten av juni.

PPU har lokalt opptak. Du finn meir informasjon om korleis søkje her: https://www.hivolda.no/opptak

Har du fleire spørsmål om PPU er du velkomen til å ta kontakt med ein av oss, 

Bjørnar Sæterås, studieleiar epost saetbjorn@hivolda.no, tlf 70 07 53 55

Torstein Drabløs, praksiskoordinator, epost torstein.drablos@hivolda.no  tlf 70 07 53 52