Opptakskrav

Generell studiekompetanse (GSK)

Generell studiekompetanse (GSK) er det mest vanlege opptakskravet til høgre utdanning. 
Det er fleire måtar å oppnå GSK på, sjå oversikt på samordna opptak

Realkompetanse

Realkompetanse er eit unntak frå kravet om generell studiekompetanse (GSK) for søkarar som fyller minst 25 år i søknadsåret.

Kvar studiestad avgjer kva som gir realkompetanse til deira studium. Høgskulen i Volda kan ha både basiskrav og tilleggskrav som er avhengige av kva type studium du søker opptak til.

Realkompetanse kan vere både lønna og ulønna arbeid, til dømes yrkespraksis, som du meiner kan vege opp for kravet om generell studiekompetanse. Du må ha minst fem år med skule og/eller yrkespraksis til saman, og av dette må minimum tre av åra vere relevant i den retninga du søker. Det vil sei at vil du til dømes søke på barnehagelærarutdanning, så må du ha jobba minimum tre år i barnehage, skule eller skulefritidsordning. 

For å kunne vurdere realkompetanse, treng vi alt du har av vidaregåande skule (absolutt minimum her er eit år fullført), folkehøgskule, fagskular, relevante kurs m.m., attestar frå arbeidspraksis og motivasjonsbrev der du skriv kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet. CV vert ikkje vurdert. 


Motivasjonsbrev kan du skrive på eige ark, eller nytte vedlagde skjema​​​​: 

 

Sjå også utfyllande tekst om realkompetanse her: samordna opptak   

 

Våre eigne retningslinjer for opptak på grunnlag av realkompetanse finn du her: 

Retningsliner for realkompetanse

Spesielle opptakskrav

Spesielle opptakskrav er krav som kjem i tillegg til generell studiekompetanse, til dømes opptak til vidareutdanning, mastergrad, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og doktorgrad (PHD). Opptakskrava finn du under kvart enkelt studietilbod i studiekatalogen. 

 

Ved spørsmål om opptak kan du kontakte oss på epost sok@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18