Dokumentasjon

Som søkar er du sjølv ansvarleg for å sette deg inn i opptakskrava og laste opp det som trengs av dokumentasjon for å vise at du fyller opptakskrava. Dokumentasjonen du lastar opp i søknaden blir manuelt behandla i opptaket. Du kan dokumentere på ulike måtar:

 

Nasjonal vitnemåldatabase

Har du fullført norsk vidaregåande skule frå år 2000 eller seinare kan du ha eit elektronisk vitnemål i Nasjonal vitnemåldatabase. Dersom du har elektronisk vitnemål treng du ikkje å dokumentere generell studiekompetanse.

Les meir på Samordna opptak sine sider.

Laste opp dokumentasjon

Samordna opptak
Har du krav som ikkje er merka med grønn hake i søknaden til Samordna opptak, må du laste opp meir dokumentasjon. Du laster opp dokumentasjon i fanen "Dokument". Les mer om dokumentasjon her.

Lokalt opptak 
Du lastar opp dokumentasjon i lokal opptaket gjennom Søknadsweb i mappa "Mine dokumenter" - som du finn i øverste linje når du er pålogga Søknadsweb. Vi ønsker helst lesbare filer som pdf eller bildefiler (eks. jpeg/gif). Vi godtek ikkje dokumentasjon sendt pr. e-post. 

Gjenbruk av GSK-vedtak (generell studiekompetanse)

Har du fått innvilga opptak tidlegare, treng du ikkje å dokumentere GSK på nytt. Om du søker gjennom det lokale opptaket, kan du sjå om vi har registrert GSK på deg frå før:


Har gsk

 

Resultatutveksling

Resultatutveksling er ei teneste som gjer at norske universitet og høgskular kan hente utdanningsresultat du har oppnådd ved andre utdanningsinstitusjonar i Norge. 

Informasjon om resultatutveksling

Ved spørsmål om opptak kan du kontakte oss på epost sok@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18