Oppgåvene til AU
Studentparlamentet er av og for studentane ved Høgskulen i Volda. Arbeidsutvalet (AU) og representantane i Studentparlamentet jobbar saman for eit aktivt studentdemokrati. AU fylgjer Studentparlamentet sine styringsdokument, arbeider for å oppfylle Studentparlamentet sitt mandat og utføre vedtak gjort av Studentparlamentet. AU sørgjer for at studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda jobbar langsiktig for å ivareta studentane sine interesser.
AU har faste møter ein gong i veka. Medlemene i AU kan tildelast arbeidsoppgåver utover det som står i stillingsomtalen, og avlastar kvarande ved behov. Medlemmane i AU prioriterer dette vervet framfor andre frivillige verv. AU sikrar god kontinuitet i studentdemokratiet og sørgjer for at eit nytt studentparlament vert oppretta kvart studieår. Avtroppande AU-medlemmar har ei god erfaringsutveksling med påtroppande AU-medlemmar, og er tilgjengelege i ein overlappsperiode på ein månad etter endt verv. Verva i AU er honorerte etter fastsette satsar 11 mnd i året (unnateke juli).