Oppfølgingsarbeid i NAV - sosialt arbeid i Nav-kontor

Institutt for sosialfag inviterer til gratis fagdag med oppfølgingsarbeid i Nav som tema, og håper at mange tilsette i Nav-kontor og andre velferdstenester har høve til å delta på fagdagen 7. februar.  

Hanne Glemmestad er sosionom med mastergrad i velferdspolitikk. 
Ho er tilsett som høgskulelektor og studieleiar for sosionomstudiet ved Høgskolen i Innlandet, men har for tida permisjon då ho no er leiar for profesjonsrådet for sosionomane i FO. 

Glemmestad er særleg interessert i sosialt arbeids fag- og forskingsfelt, med hovudvekt på tema knytt til arbeidsinkludering, Nav og kommunal sosialteneste. Ho er mykje brukt som føredragshaldar om temaet sosialt arbeid i Nav. 

I 2021 publiserte ho boka Oppfølgingsarbeid i NAV – sosialt arbeid på NAV-kontoret. Boka retter seg først og fremst mot studentar ved sosialfaglege studieretningar, men egner seg også for personar som allereie jobbar i Nav og som ønskjer å utvikle seg som Nav-veiledar og profesjonell yrkesutøvar. 
I 2019 var ho medredaktør for  boka Arbeidsinkludering i sosialt arbeid, 

Mellom dei mange oppgåver som skal ivaretakast ved eit Nav-kontor, er det å drive relasjonelt arbeidsretta oppfølgingsarbeid mellom dei viktigaste. Å medverke til at alle som kan og vil, får høve til å delta i arbeidslivet på eigne premissar, har alltid vore ein del av sosialt arbeids mandat. Glemmestad er opptatt av korleis sosialfagleg kunnskap kan ramme inn det faglege arbeidet som Nav-veiledaren gjer. Ho ser nærare på korleis sosialt arbeids teorigrunnlag og metode kan bidra til ei heilskapleg og systemisk problemforståing i oppfølgingsarbeidet og i møte med brukarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar.


Vel møtt!

NB: Fagdagen er gratis
 

Del på: