Kompetanseutvikling i skule og barnehage
Kompetanseutvikling for barnehage og skule er politisk vedtekne strategiar der intensjonen er å gi rom for lokale behov på same tid som kompetanseutviklinga vert støtta av lokal UH. Strategien er langsiktig og skal bidra til at tilsette i barnehage- og skulesektoren, i samarbeid med universitet og høgskular, sjølve definerer og prioriterer kva kompetanseutvikling dei treng. Målet er også at lokal høgskule/universitet skal få ein meir praksisnær kompetanse. Bakgrunnen for dette er at nasjonale kompetansesatsingar ikkje har gitt rom for å tilpasse satsingane lokalt.
Universitet og høgskular skal vere utviklingspartnarar, og skal bidra til at den arbeidsplassbaserte kompetanseutviklinga er forskings- og kunnskapsbasert (Meld. St. 21, 2016-2017).
Arbeidsgruppe for dei desentraliserte ordningane:
Fagleg koordinator DeKomp: Kari Leikanger Buset
Fagleg koordinator DeKomp VGO: Torstein Drabløs
Fagleg koordinator ReKomp: Elisabeth Welle
Rådgjevar ReKomp: Linda Engjaberg
Etter- og vidareutdanningskoordinator: Ole Frank Bakken
Fagleg koordinator Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis: prodekan for utdanning, Silje Ims Lied