Open forelesing: Mestringsmedisin med Audun Myskja
Torsdag 1. oktober kjem Audun Myskja til Høgskulen i Volda for å undervise på master i barnevernsarbeid. Undervisninga er relevant for deg som jobbar innafor helse- og sosialfag retta mot barn, unge og familiar. Forelesinga er open for alle.
Myskja er lege og spesialist i allmennmedisin, har doktorgrad frå Universitetet i Bergen og har gjennom fleire tiår arbeid med helse, stressmeistring, musikk og ressursorienterte tilnærmingar. Han har skrive fleire fagbøker, blant anna Mestringsmedisin. Metodene som gir helse og livskvalitet.
Tema for undervisninga er mestringsmedisin som tilnærming i møte med barn og unge. Mestringsmedisin handlar om å styrke mennesket sine eigne ressursar og hjelpe den enkelte til å finne drivkraft, glede og meining.
Tilnærminga tek i bruk ulike verktøy som kan støtte både kropp, sinn og relasjonar. Det kan mellom anna vere meditasjon, pust, rørsle og trening, musikk og song, dans og andre kreative uttrykk, samt kontakt med naturen. Målet er å finne konkrete og gjennomførbare tiltak som kan bidra til betre stressregulering, vitalitet, livsglede og oppleving av meining.
Audun er engasjert i eit større forskingsprosjekt om integrering av mestringsmedisin i skulen i ein norske kommune. I forelesinga vil han dele erfaringar frå dette prosjektet, samt dra parallellar mellom helse, barnevern og skule.
Påmelding: Send påmelding til: gunnvor.karita.bakke@hivolda.no
Det er avgrensa tal på plassar.
Velkomen til ei praksisnær forelesing med Audun Myskja!