Open fagdag om nynorsk skriftkultur

Tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til årleg fagdag om nynorsk skriftkultur. Programmet rommar siste forsking på målformer og språkbyte i skulen, biblioteka si rolle i språkpolitikken, ressursar for norsklærarar og innsikt i korleis bruke arkiv og fagbibliotek som kjelder til å finne svar på bestemte forskingsspørsmål knytte til vitskaplege artiklar eller masteroppgåver.

Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur og Høgskulen i Volda ved Institutt for språk og litteratur og Nynorsksenteret. Det er mogleg å delta på delar av programmet, og arrangementet er gratis. Felles lunsj etter påmelding (inkl. diettomsyn) til post@nynorsk.no innan 26. oktober. 

Program

kl. 11.15–12.00 Felles lunsj i Aasentunet 

kl. 12.00–12.15 Presentasjon av Skriftkultur 4/2022 – Form og formidling knytt til nynorsken v/ Stig Helset, Høgskulen i Volda 

kl. 12.15–12.30 Nok tilfang på begge målformer? Om språkleg fordeling i lesebøker og tekstar i norsk for nynorskelevar i ungdomsskulen v/ Liv Astrid Langnes, Nynorsksenteret 

kl. 12.30–12.55 Dei norske folkebiblioteka – språkpolitiske aktørar? Ei gransking av språkpolitisk praksis i folkebiblioteka, med vekt på nynorsk.
Presentasjon av masteroppgåve i nynorsk skriftkultur v/ Fredrik Hope, Nynorsk kultursentrum

Kaffipause kl. 12.55–13.05

kl. 13.05–13.45 (inkl. spørsmål og diskusjon)
Rapport om språkbyte frå nynorsk til bokmål, v/ Liv Astrid Langnes og Jorid Saure, Nynorsksenteret

kl. 13.45–14.00
Presentasjon av fagboka Nynorskdidaktikk v/ forfattarane Gudrun Kløve Juuhl, Hjalmar Eiksund og Kristin Sjøhelle, Høgskulen i Volda
 
kl. 14.00–14.45 (inkl. spørsmål og diskusjon)
Arkiv og bibliotek som kjelder til skrive- og lesehistorie 
v/ Narve Fulsås, Forskar II i Nynorsk kultursentrum og professor ved UiT Noregs arktiske universitet

Del på: