Open dag: Kulturfag, idrett og friluftsliv
Laurdag 28. februar opnar Høgskulen i Volda dørene og inviterer alle interesserte – store som små – til ein ein dag fylt med skaparglede, opplevingar og aktivitetar. Avdeling for kulturfag ynskjer velkomen til open dag!
Dette er dagen for deg som er nysgjerrig på studia våre, for deg som vil ha ein kreativ laurdag – og for familiar som ønskjer ei kjekk oppleving saman.
Frå kl. 11.00 til 14.00 kan du utforske verkstader, prøve nye teknikkar, møte studentar og få eit innblikk i det mangfaldige fagmiljøet som utgjer kulturfaga ved høgskulen.
Program
Alle aktivitetar går føre seg i og ved Henrik Kaarstad-huset.
Design, kunst og handverk
- Kl. 11.00 – 14.00: Verkstadane i Henrik Kaarstad-huset
- Leireverkstaden: her får du prøve deg på enkle leireteknikker og produkt som “tommelskål”, egg o.l.
- Treverkstaden: her får du spikke.
- Tekstilverkstaden: her kan du ta med deg noe du ynskjer å reparere, vi tilbyr naudsynt utstyr og hjelp.
- Skaparverkstaden: her får du lage nøkkelknippe med navnet ditt på.
I tillegg får du sjå og snakke med studentar som jobber med eigne arbeid.
Vi steiker svele på metallverkstaden.
Idrett og kroppsøving
- Kl. 11.00 – 14.00:
- Testing av hopphøgde med kraftplatform.
- Ernæringsstand med quiz og frukt
- Røris for alle (Let’s dance og røris på storskjerm)
Friluftsliv og naturguide
- Kl. 11.00 – 14.00, i gammen ved grusbana/lærarskuleparken:
- Bålpanne med grilling av pinnebrød
- Prøv skredsøkar!
- Ekspedisjonstrening: draging av bildekk
Musikk
Aktivitetar i Konsertsalen
- Kl. 11.00 – 11.25: Musikkstund for born
- Kl. 11.00 – 14.00: Konsert med skulekor og ulike studentband
- Kl. 13.00 – 13.30: Allsongstund "Syng med oss!"
Teater
- Kl. 11.30: Teaterframsyning for familiar (ca. 30 minutt)
- Kl. 11.00 - 14.00: Ansiktsmaling
- Kvar: Teatersalen DarioFo
- Kl. 12.00 - 13.00: Selfie på eit filmsett. Brechstsalen-filmsett og kreativ podcasting
- Kvar: Brechtsalen
- Kl. 12.30: Teaterframsyning for familiar (ca. 30 minutt)
Ein dag for heile bygda
Open dag er ein unik moglegheit til å sjå kva som rører seg i fagmiljøa våre, møte studentar og tilsette, og få eit innblikk i kvardagen ved Avdeling for kulturfag. Det er låg terskel, høg stemning og noko for alle aldrar.
Vel møtt!