Ope foredrag: Frankenstein på nynorsk

Øystein Vidnes, som har omsett Mary Shelleys sin roman Frankenstein til nynorsk, vil halde eit ope foredrag med tittelen «Frankenstein i Skandinavia/Skandinavia i Frankenstein» på Høgskulen i Volda 16. mars.

Vidnes vil mellom anna snakke om korleis romanen skildrar Arktis og korleis Mary Shelley var inspirert av reisene mora, Mary Wollstonecraft, ein veldig viktig og kjend feminist, gjorde i Noreg, Danmark og Sverige.

Øystein Vidnes er oppvaksen på Fiskå på Sunnmøre og er sjølv ein kjend forfattar, omsetjar og formgivar. Vidnes fekk i 2017 Kritikerprisen for beste omsetjing: Robert Musils Tre kvinner frå tysk.

Del på