Onsdagskviss

Kvissgjengen på Rokken, Velferdsgruppa på Høgskulen i Volda og Oclin, har gått saman for å gi studentane eit smittefritt arrangement å glede seg til: Digital onsdagskviss!

Kviss

Denne veka er duoen Susanne og Dina kvissmasters på denne onsdagen sin ONLINE KVISS og serverer deg ei god blanding av gode og varierte kvisspørsmål!

Klikk her for å komme til den digitalekvissen

Vi anbefalar å sjå livestreamen på Facebook på ein laptop eller nettbrett, og ha mobilen ved sida av for å delta på sjølve kvissen. Link for å koble seg opp kjem her 😊

Kven blir denne vekas kvissvinnar? Premiane er som følger:
1.-3. plassen får ein gåvepose med diverse stæsj frå Høgskulen i Volda og Samskipnaden.

I tillegg får fysteplassen ein hettegenser frå Høgskulen i Volda, samt velje mellom ei turhengekøye, gåvekort i Storytel og gåvekort på Geiranger Bakeri.

For å bekrefte deg sjølv som topp 3, ta skjermbilete av skjermen din og send til Høgskulen i Volda på Facebook etter endt kviss.

Del på: