Verkstad for tilsette
Di meining er viktig for korleis høgskulen skal utvikle seg vidare. Vi inviterer derfor alle tilsette til strategiverkstad, der du kan delta i diskusjonar om kva HVO sine ambisjonar og strategiske satsingsområde skal vere dei neste fire åra.
I prosessen med å utarbeide strategiplanen vil vi arbeide med fire område illustrert i figuren nedanfor. I verkstadene vil de få moglegheit til å kome med innspel på overordna ambisjonar og strategisk satsingsområde for kvar av dei fire perspektiva: Utdanning; Forsking og utvikling; Samfunnsdialog og kunnskapsdeling; Kultur og menneske. Innspela frå verkstadane blir samla opp og diskutert i styret i eit strategiseminar i slutten av april.
Før verkstadene ønskjer vi at du førebur deg ved å gå gjennom nokre grunnlagsdokument, utarbeidd av dekangruppa og arbeidsgruppa for strategiprosessen. Dokumenta er meint å bidra til tankeverksemd, men skal ikkje leggje avgrensingar på diskusjonen i verkstadane.
- Utkast til overordna visjon, verdiar og samfunnsoppdrag
Samfunnsoppdraget, visjonen og verdiane våre er grunnlaget for all verksemda vår. Dette er langsiktig, og noko som i mindre grad endrar seg frå strategiperiode til strategiperiode. Det har likevel vore behov for ein revisjon. Vi har tatt utgangspunkt i det som er formulert i gjeldande strategiplan og laga eit oppdatert forslag til visjon, verdiar og samfunnsoppdrag. Dette skal godkjennast av styret. Visjon, verdiar og samfunnsoppdrag blir ikkje direkte tema på verkstadane, men skal vere grunnlag for diskusjonane om strategisk retning.
- Dekanmøtet si vurdering av status for HVO
Ved hjelp av eit kort notat ønskjer dekanmøtet å syne sine tankar kring nokre av moglegheitene og utfordringane vi ser for høgskulen. Notatet er ikkje meint å leggje avgrensingar på diskusjonen om ambisjonar og strategiske satsingsområde.
- Trendar som kan ha innverknad på verksemda vår
Strategiplanen må ta høgde for det som skjer i omverda vår. Vi har satt opp nokre sentrale trendar vi trur kan ha innverknad på oss. Lista er ikkje uttømmande, men kan vere eit utgangspunkt for diskusjonane i verkstadane.
- Utkast til overordna ambisjonar
I strategiplanen skal vi formulere ambisjonar for kvart av dei fire perspektiva. Som eit utgangspunkt for diskusjon i verkstadane har vi laga eit utkast til ambisjonar. Ambisjonane skal vere overordna, og vil bli konkretisert i strategisk satsingsområde og målsettingar. Ambisjonane gir uttrykk for korleis høgskulen ønskjer å bli opplevd ved utgangen av strategiperioden. På nokre område er vi allereie godt på veg, medan andre område ligg fram i tid.
Velkomen til verkstader for tilsette. Vi ser fram til gode diskusjonar og mange innspel!
Med helsing dekangruppa og arbeidsgruppa for strategiprosessen