Handtering av varsel frå studentar

Høgskulen i Volda har lagt til rette for at studentar skal kunna varsla om mobbing eller anna trakassering på ein direkte og open måte, samtidig med at saka blir behandla konfidensielt og i samråd med varslaren.

Ta kontakt her:

  • Bruk dette skjemaet for å melde ifrå om feil, manglar eller uheldige opplevingar knytte til undervisningskvalitet og læringsmiljø eller for å melde ifrå om mobbing, (seksuell) trakassering eller andre uønskte hendingar
  • Studentombod
  • Melding dersom ein meiner ein student ikkje er skikka til det arbeidet hen utdannar seg til – skikkavurdering (tvilsmelding/bekymringsmelding)

Retningslinjer for handtering av varsel frå studentar

Retningslinjene gjeld handtering av saker som omhandlar mobbing, trakassering, seksuell trakassering eller anna utilbørleg åtferd mellom studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) som påverkar studiesituasjonen.

Mål for retningslinjene

HVO har nulltoleranse for trakassering. Retningslinjene skal sikre at HVO:

  • har ei forsvarleg sakshandsaming og likebehandling i varslingssaker
  • får fram alle faktiske og rettslege sider i saka, og ut frå det kven som må involverast og korleis saka skal handsamast
  • set studentar, tilsette og organisasjonen i stand til å handtere varslingssaker på ein måte som tek i vare både den som varslar og den som blir skulda
  • opplyser dei involverte i saka om saksgong og konsekvensar
  • tek i vare dei involverte
  • senker konfliktnivået og bidreg til å løyse saka på lågaste mogleg nivå
Melding/varsel - korleis gå fram

Studentar som opplever at dei har kome i konflikt med ein eller fleire medstudentar vert oppfordra til å ta kontakt med den/dei det gjeld for å løyse konflikten. Dersom dette ikkje fører fram, eller studenten meiner det ikkje har noko hensikt, kan studenten gjere følgande:

  • Ta kontakt ved å bruke «Sei ifrå» (lenke til skjema kjem)
  • Ta kontakt med studierådgivingstenesta, Studentpresten, Studenthumanisten eller Studentombodet for råd og rettleiing
  • Ta kontakt med ein tilsett som studenten har tillit til for å få råd og rettleiing

Studentar kan melde/varsle frå munnleg og skriftleg. Eit varsel bør innehalde kven varselet gjeld, og beskrive hendinga-/ane. Mottakar av eit munnleg varsel må sikre at innhaldet i varselet er rett forstått, og få dette stadfesta med signatur, e-post e.l.

Skriftleg varsel kan sendast gjennom «Sei ifrå-ordninga», eller via e-post til post@hivolda.no. Det gjerast merksam på at e-post ikkje er trygt ved sending av sensitive opplysningar.

Dei som mottek varselet, vil bruke student-e-post til å informere om vidare handtering av varselet.

Råd til deg som opplever deg utsett for mobbing eller trakassering

For å sikre dokumentasjon tilrår vi deg:

  • Skriv ned og dokumenter episodar kor du opplever å ha vorte mobba eller trakassert. Skil mellom kva som faktisk har skjedd og korleis du tolka situasjonen. Hugs å datere hendinga/dokumentet.
  • Delta i samtalar og møte for å få fram fakta i saka, og bidra til å finne fram til moglege løysingar.

Sjå til at det blir ført referat frå møte. Referatet skal bli godkjent med signatur av dei som deltok på møtet, og innehalde eventuelle punkt ein er ueinig om.

  • Dersom du har vitne til hendinga bør du be vitna om å skrive ned observasjonane dei gjorde.
  • Viss det er vanskeleg å ta opp saka, kan du be om hjelp frå student-rådgivingstenesta, studentpresten eller studenthumanisten.
  • Du kan ta med deg nokon du har tillit til som støtteperson i samtalar.
Definisjonar

Kva er ei konflikt?
Ei konflikt er ein situasjon der to personar, ein person eller ei gruppe eller to grupper føler seg forhindra eller frustrert av den eller dei andre (Van der Vliert 1988).

Kva er mobbing?
Det vert rekna for mobbing når ein person gjentatte gongar og over tid vert utsett for negative handlingar. Det kan vere trakassering, plaging, utfrysing, sårande erting, usynleggjering og liknande. Det er typisk for situasjonen at offeret ikkje er i stand til å forsvare seg.

Det vert lettare rekna som mobbing når partane som står mot kvarandre ikkje er like sterke, eller det er gjentakande episodar.

Kva er trakassering og utilbørleg åtferd?
Trakassering og utilbørleg åtferd er handlingar, unnlating eller ytringar som har til hensikt eller verknad å være krenkande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande eller audmjukande.

Det kan vere ulike former for trakassering:

  • Enkeltståande eller gjentatte og systematiske handlingar, unnlating eller ytringar
  • Direkte (til dømes ein aggressiv eller seksuell form), eller indirekte (til dømes sosial utestenging)
  • Seksuell trakassering

Grovt forstyrrande åtferd
Grovt forstyrrande åtferd vil seie at ein student opptrer på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentars arbeid eller for aktiviteten ved institusjonen elles, jf. Universitets- og høgskulelova (uhl.) § 12-5. Kva som er grovt forstyrrande åtferd må bli vurdert i kvar enkelt sak, men kan t.d. vere trakasserande meldingar, mobbing, eller forstyrrande åtferd i undervisninga.

Kva er eit varsel?
Eit varsel i desse retningslinjene er at ein student seier ifrå om kritikkverdige forhold ved HVO.

Eit varsel er ei ytring som kan bli handsama etter desse retningslinjene, avhengig av:

  • Kven som seier ifrå (at det kjem frå ein student)
  • Innhald; Om varselet gjeld konfliktar, trakassering, seksuell trakassering eller mobbing

Det kan vere uklart kva som er kritikkverdige forhold og kva som ikkje er det. Forhold som ikkje kjem inn under denne retningslinja vil til dømes vere:

  • Ytringar som berre gjeld misnøye knytt til eigen studiesituasjon, slik som studieinnhald, arbeidsmengde, fagleg ueinigheit og personlege avtaleforhold.
  • Ytringar om forhold som studenten meiner er kritikkverdige utifrå si eiga politiske eller etiske overtyding, moralske ytringar og ytringar om generell misnøye med HVO.

Det har inga betydning for denne vurderinga kva ein kallar varselet; avvik, klage, bekymringsmelding, sei ifrå eller anna.

Straffbare forhold

Om studenten/-ane opplever forhold som kan vere straffbare, vert dei oppfordra til å melde saka til politiet.

Det kan til dømes gjelde ved «skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd forfølger en person eller på annen måte krenker en annens fred», jf. strl. § 266. Eller ved mistanke om seksuallovbrot etter kap. 26 i straffeloven.

Dersom det oppstår ein akutt og faretruande situasjon skal ein ta direkte kontakt med politiet.

Høgskulen kan også på eige initiativ melde frå til politiet ved alvorlege hendingar.

Varslar sine rettigheter

Studentar eller andre som varslar på vegne av andre, er ofte ikkje part i saka. I ei varslingssak er det berre den eller dei som varselet rettar seg mot, eller den saka direkte gjeld, som er part i saka.

Den som varslar har dermed ikkje rett til innsyn i korleis HVO handterer saka. Den som varslar kan be om informasjon om varselet blir handtert, men ikkje informasjon om sjølve sakshandsaminga.

Det er etter uhl.§10-4 forbod mot gjengjelding mot ein student som varslar.

Med gjengjelding er det meint all form for usakleg handling, praksis eller unnlating, som har karakter av straff eller sanksjon, og som kjem som følge av eller ein reaksjon på at studenten har varsla.

Dette omfattar mellom anna:

  • Truslar, trakassering, usakleg forskjellsbehandling, sosial ekskludering eller annan utilbørleg åtferd.
  • Åtvaring, usakleg endring i arbeidsoppgåver, omplassering eller degradering
  • Suspensjon, oppseiing, avskjed eller ordensstraff.

Saklege motargument og motbevis vert ikkje rekna som gjengjelding. Forbodet mot gjengjelding trer i kraft allereie når ein tilsett/student signaliserer at retten til å varsle kan bli brukt, til dømes ved å skaffe opplysningar.

HVO oppfordrar alle som varslar til å melde frå dersom dei meiner det har førekome gjengjelding i strid med dette forbodet.

Retningslinjer gjeldende frå oktober 2025

Les Retningslinjer for handtering av varsel frå studentar om konfliktar, trakassering, seksuell trakassering og mobbing ved Høgskulen i Volda