Parkering og sykkelhotell

Parkering
Høgskulen har merka parkeringsplassar ved dei ulike husa på høgskuleområdet du kan nytte deg av:
- Ved Volda Campus Sparebank 1 Arena og Sivert Aarflot-huset med innkøyring i Joplassvegen. Her kan du stå utandørs ved bygga på merka plass eller i parkeringshuset i underetasjen.
- Ved Hans Strøm-huset, med innkøyring frå Sjukehusvegen.
- Ved Henrik Kaarstad-huset, på nedsida mot grusbana og på oppsida med innkøyring frå Kaarstadvegen.
- Mellom Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset, med innkøyring frå Kaarstadvegen.
- Ved Idrettsbygget, på oppsida av vegen og kortenden av huset, mot Henrik Kaarstad-huset.
Sjå oversikt over parkeringsplassar
Det er avgrensa plassar, så nytt deg gjerne av sykkel eller alternativ transport om mogleg. Ver venleg ikkje sett bilen din utanom merka parkeringsplass. I verste fall risikerer du parkeringsbot, og det kan gjere det både vanskeleg og utrygt for små og store mjuke trafikantar rundt oss. Det er ikkje lov å parkere utanfor hovudinngangar då dette kan stenge for utrykkingskøyretøy ved behov.
Sykkelhotell
Høgskulen i Volda har kameraovervåka sykkelhotell for parkering av syklar. Tilgangsskort for studentar og tilsette som brukar hotellet blir registrert. Dette for å ivareta sikkerheita og unngå tjuveri.
Har du el-sykkel/el-sparkesykkel og treng å lade, så er det straumuttak inne i sykkelhotellet som kan nyttast. Det er ikkje lov å lade batteri inne i bygga til høgskulen på grunn av brannfare. Det er heller ikkje lov å oppbevare sykkel/sparkesykkel inne i bygga.