Husreglar

På Høgskulen i Volda har vi reglar for bruk av campus som vi ønskjer at alle følgjer.

Husdyr

Vi gjer merksemd på at det ikkje er tillate å ha med kjæledyr inn i bygningane til Høgskulen i Volda. Korkje tilsette, studentar eller besøkjande skal ta med hundar eller andre kjæledyr inn i bygningane.

Dette blir gjort av omsyn til våre studentar og tilsette som er allergiske og/eller ikkje er fortrulege med hundar.

Vi ber alle våre studentar/gjester om å respektere dette forbodet.

Servicehund og terapihund

Førarhund og servicehund er unnatekne frå forbodet. Det same gjeld opplæring av førar- og servicehundar.

Bruk av terapihundar føreset at hunden er utstyrt med sele eller anna tenesteteikn. Omsyn til allergi eller anna som kan påverke arbeids- eller læringsmiljø må takast omsyn til.

Røyking på campus

Det er ikkje lov å røyke innadørs ved høgskulen, og alle inngangsparti skal vere røykfrie.

Kameraovervåking

Høgskulen i Volda har kameraovervåking på noen områder på høgskuleområdet. Dette for å forhindre hærverk, tyveri og andre ulovlige aktiviteter. Kamera kan og bidra til å sikre at et tryggere miljø. All kameraovervåking er merket og vi har ikke kamera som krenker privatlivets fred. Vi sletter data etter 14 dager og har rutiner for håndtering av opptak.

Kjeldesortering

Kjeldesortering er ein del av Miljøfyrtårn-arbeidet ved Høgskulen i Volda. Vi legg til rette for kjeldesortering ved miljøstasjonar på alle bygg, og vi oppmodar alle om å bidra.