Politiattest og teieplikt i lærarutdanningane

Politiattest

Universitets- og høyskoleloven § 4-9 syner til at studentar som er i kontakt med barnehagebarn/elevar i skulen skal leggje fram politiattest ved studiestart. Der det er gitt særlege reglar om politiattest for bestemte typar yrkesutøving, gjeld tilsvarande for studentar som skal delta i praksisopplæring.

Politiattesten skal sendast (nytt digipost) eller leverast til Studentsørvis ved studiestart, dei ser til at ingen studentar får gå ut i praksis før godkjent politiattest er levert.  

Informasjon om korleis du skal gå fram for å søkje politiattest finn du her. Du legg ved svarbrevet frå samordna opptak når du søker om politiattest. Det kan ta lang tid å få tilsendt politiattest, det er difor viktig at du gjer dette så snart du får studieplass. 

For barnehagelærarstudentar

Lov om barnehager (barnehageloven) § 19 fastsett at dei som skal tilsetjast fast eller midlertidig i barnehage skal legge fram politiattest.

Forskift om politiattest i barnehager gir føringar om at politiattesten for dei som skal arbeide i barnehagen skal syne om personen er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep av mindreårige, og i tillegg vise andre straffbare forhold som seksualbrotsverk, volds- og ransbrotsverk og narkotikabrotsverk. Personar som er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige, er utelukka frå arbeid i barnehagen. I tilfelle der politiattesten syner andre straffbare tilhøve, er det opp til barnehageeigar å vurdere om vedkomande er eigna til å jobbe i barnehagen. 

Teieplikt

Erklæring om teieplikt er obligatorisk for alle studentar i lærarutdanningane. Erklæringa skal stadfestast av den enkelte student ved semesterregistrering på Studentweb. Dette må skje før 1. september første studieår. Studentar som ikkje har stadfesta teieplikt før praksis tek til, får ikkje starte praksisopplæringa.

 

Ved å skrive under på teieplikta stadfestar studenten at han/ho er kjend med reglane og pliktar å arbeide etter dei. Det er viktig at studentane merkar seg at teieplikta også gjeld etter at praksis er over, i 60 år der anna ikkje er bestemt. 

 

For studentar gjeld Lov om universitet og høyskole, §4-6 om teieplikt for studentar. Som student i praksis er ein også underlagt det same lovverket for teieplikt som personalet i barnehagar, skular og andre praksisinstitusjonar. Studenten pliktar difor å rette seg etter § 20 i barnehagelova  og § 15-1 i opplæringslova. Paragrafane stadfestar teieplikta til dei som arbeider i barnehage og skule.

Teieplikta er nedfelt i Forvaltningsloven § 13-13f.

 

Gjennom studiet, både i undervisningssamanheng og i praksis, kjem studentane i kontakt med barn/elevar, foreldre og tilsette i barnehage/skule. Som student får ein ofte tilgang til personopplysningar. Dette kan gjelde daglegdagse forhold, men det kan også vere informasjon om meir intime og private forhold. Som student pliktar ein å vise diskresjon i møte med einskildindivid og grupper av menneske. Studentane har teieplikt i høve alle personopplysningar og personlege forhold dei får kjennskap til gjennom praksis, både når det gjeld barn, foreldre, tilsette og medstudentar.

 

Med personlege forhold i lovverket meinast blant anna slektskap og familieforhold, fysisk og psykisk helse (inkludert diagnosar), karakter og kjensleliv. Om namn nemnast  eller ikkje, er utan tyding dersom barnet/eleven kan identifiserast.  Som personlege forhold reknast ikkje fødestad, fødselsdato og personnummer, statsborgarskap, sivilstand, yrke, bustad og arbeidsstad, med mindre slike opplysningar røper eit klientforhold eller andre forhold som blir sett som personleg.

 

Brot på teieplikta etter §13b kan straffast etter straffelova sin §209, dersom vedkommande er gjort merksam på at brot kan få slikt følgje.  

 

Teieplikt, yrkesetisk teieplikt og yrkesetikk er ein del av praksisførebuinga i alle studieår, slik at studentane er medvitne desse viktige områda. 

 

Studenten stadfestar:

 

Eg forstår:

  • at eg i praksis vil kunne få tilgang til informasjon som ikkje må bli gjort kjent for uvedkommande.
  • at eg som student må ta ansvar for å verne informasjon om personar og praksisstad som eg får kjennskap til.

Eg pliktar:

  • å vere varsam i samband med alt arbeid knytt til studiet, både skriftleg arbeid og munnlege framlegg.
  • å ikkje bryte teieplikta i samband med sensitive opplysningar og forhold eg får kjennskap til som student ved Høgskulen i Volda.
  • å ta det opp med praksislærar dersom eg er i tvil om opplysningar eg har fått er underlagt teieplikt.

Eg er klar over:

  • at forsettleg eller aktlaust brot på teieplikta kan føre til ikkje stått praksis og rettsleg straffeansvar.
  • at teieplikta gjeld i 60 år der anna ikkje er bestemt.