Institutt for pedagogikk

Institutt for pedagogikk

Institutt for pedagogikk er knytt til avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL). Kontora våre finn du i Synnøve Riste-huset i 2. etasje.

Det er 29 tilsette i instituttet, og vi har ansvar for studium som mastergrad i undervisning og læring, vidareutdanning i spesialpedagogikk og rettleiing/mentorutdanning. Instituttet har også ansvar for pedagogikkundervisninga i Grunnskulelærarutdanninga (GLU), Barnehagelærarutdanninga (BLU) og Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Sjå informasjon om utdanningane:

Master i undervisning og læring

Mastergradstudiet i undervisning og læring har tre spesialiseringar: matematikk, norsk og spesialpedagogikk. Hovudmålet med studiet er å gje studentane solid kompetanse for arbeid på dei respektive områda i barnehage og skule. Spesialiseringa i norsk og matematikk er innretta mot arbeidet i skulen. Spesialiseringa i spesialpedagogikk, som institutt for pedagogikk har hovudansvaret for, er innretta mot arbeid både i barnehage og skule.

Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialiseringane. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og spesialundervisning.

Dei som blir tilsette må kunne rettleie studentar som skriv masteroppgåve. Det er særleg behov for kompetanse knytt til analyse og tiltak på systemnivå.

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk og praksis med rettleiing. Studiet legg til rette for at studentane mellom anna kan tileigne seg ferdigheit i å planleggje, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevane si læring.

Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapeleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen.

Vi tilbyr årsstudiet i PPU både som heiltids- og deltidsstudium. For å undervise i PPU er det ønskjeleg med kompetanse i og erfaring frå grunnskule og/eller vidaregåande skule.

Grunnskulelærarutdanning

Grunnskulelærarutdanninga er eit 5-årig mastergradsstudium retta inn mot pedagogisk arbeid i grunnskulen. Utdanninga har to ulike løp – eitt for trinna 1-7 i grunnskulen, og eitt for trinna 5-10.

Utdanninga skal fremme studentane si profesjonelle og personlege utvikling, mellom anna deira faglege, didaktiske,  pedagogiske og profesjonsetiske kompetanse, evne til refleksjon, og interesse for fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid. Faget pedagogikk og elevkunnskap har 60 studiepoeng i utdanninga

PEL-faget gjev innsikt i fleire pedagogiske utfordringar som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Dette er t.d. lærarrolla og klasseleiing, undervisningsarbeid, eleven sine læringsprosessar, elevføresetnader og skulen si rolle. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står til dømes sentralt.

Barnehagelærarutdanning

Barnehagelærarutdanninga er eit 3-årig bachelorgradsstudium. Utdanninga legg vekt på samspel mellom høg fagleg, didaktisk og sosial kompetanse saman med evne til profesjonsetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Pedagogisk leiing er ein sentral del av barnehagelæraryrket. Ei målsetjing gjennom heile studiet er å utdanne barnehagelærarar med kompetanse i leiing av barnegrupper og personalgrupper. Eit overordna, gjennomgåande tema er profesjonsidentitet. Andre gjennomgåande tema er dei yngste barna i barnehagen og barns rett til medverknad og mangfald.

Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde. Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.

Mange av dei tilsette er også involverte i etter- og vidareutdanning av lærarar og barnehagelærarar. Ved institutt for pedagogikk kan vi tilby fleksible variantar av ordinære studium eller alternative kompetanseløysingar som er tilpassa oppdragsgjever sine behov. Ta kontakt om du vil vite meir om dette.

Instituttleiar er Torhild Erika Lillemark Høydalsvik.

Liste over dei tilsette ved instituttet finn ein her.

Instituttet har også eit aktivt forskarmiljø, og dei tilsette er knytt til fleire forskingsgrupper, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Du kan lese meir om den enkelte sine forskingsprosjekt på dei tilsette sine eigne profilar. Vi har også nokre forskargruppe som er forankra ved avdelinga.