Humanistiske fag og lærarutdanning

 

Avdelingsleiing 

Dekan

Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Arne Myklebust
Prodekan er høgskulelektor Silje Ims Lied.
Prodekan for forsking er professor Per Halse (frå 1. september 2019).

Kontorsjef 

Kontorsjefen er administrativ og økonomisk nestleiar i avdelinga. Kontorsjef er Kristine Sævik Bjørneset 

Studieleiar og studieprogramansvarleg

Det er studieleiarar på lærarutdanningane, og studieprogramansvarlege på alle halvårsstudium, årsstudium, bachelorprogram og masterprogram. Studieleiar/ studieprogramansvarleg har det utøvande ansvaret for at undervisninga og drifta av studiet er av god kvalitet. 

Avdelingsråd

Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde.
Rådet er sett saman av 3–5 fagtilsette på avdelinga, 1 administrativt tilsett og 2 studentar. 

Referat frå møta i avdelingsrådet finn de her.