Praktisk informasjon PPU deltid AF- kull 2020-2022

              
Velkomen som student på Praktisk pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Volda.

Vi ser fram til å møte deg ved studiestart i august. På denne sida finn du timeplan for oppstartsveke  og annan informasjon om studiet.  

 

Timeplan for oppstartsveke 

Timeplan for oppstartsdagar 

Du vil finne meir informasjon i dette Canvas-romet:  https://hivolda.instructure.com/courses/4183

 

 

Sjå vidare Praksis og samlingsrute (lenke her).

Emne i studiet 

PPU-deltid har eit omfang på 60 stp fordelt over to år. 

 

Pedagogikk 30 stp:   

PPUD-PED1 Pedagogikk 1 (15 stp), avslutta med eksamen våren 2021 

PPUD-PED2 Pedagogikk 2 (15 stp), avslutta med eksamen våren 2022 

 

Fagdidaktikk 30 stp:  

PPUD-DID1 Didaktikkemne 1 (15 stp.) avslutta med eksamen våren 2021 

PPUD-DID2 Didaktikkemne 2 (15 stp.) avslutta med eksamen våren 2022  

 

Kva emne i fagdidaktikk du vert plassert på, er avhengig av kva undervisningsfag du har flest studiepoeng i. Vi har valt å kalle dette primærfaget ditt. Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt fag skal fordjupe seg i dette faget. Dette gjeld også kandidatar med bachelor innan praktisk estetiske fag. Nokre av dykk har også undervisningskompetanse i fleire  fag. Vi kan tilby undervisning i eitt fag i tillegg til primærfaget. Vi kallar dette sekundærfag. Vi tilrår alle med undervisningskompetanse (minimum 60 stp) i fleire fag å følgje undervisning for både primærfag og eitt sekundærfag. Det står meir om dette i emneplanar for fagdidaktikk. Vi vil vidare gå grundig gjennom ordninga ved oppstart. 

 

Praksis og samlingsrute 

PPU-allmennfag er eit samlingsbasert studie, med fire samlingar i Volda og ei til to samlingar i Ålesund/Molde per studieår. 1. år 6 samlingar totalt, 2. år truleg totalt 5 samlingar. Resten av undervisninga vert gitt som nettbasert undervisning, både i sanntid og som asynkron undervisning. Dette går fram av Praksis og samlingrute, som du finn HER. Det kan bli endringar i denne planen. Vi veit ikkje enno kva retningslinjer som vil gjelde, knytt til situasjon rundt Covid-19. Justeringar vil verte foretatt i tråd med dei retningslinjene vi får til studiestart. Følg med på heimesida, og når det nærmar seg studiestart, Canvas, som du får tilgong til etter studieregistrering. Meir informasjon om registrering her: https://www.hivolda.no/studentsørvis/studiestart.

 

Vi vil strekke oss langt for at også studentar frå andre delar av landet kan ta PPU ved Høgskulen i Volda. Ta eventuelt kontakt for å høyre kva tilpassingar vi kan gjere. 

 

Noko av undervisninga vil verte samkøyrt mellom heiltid og deltid. 

 

Undervisning i pedagogikk er stort sett lagt til samlingar og som undervisning i digital sanntid (altså at du må vere pålogga digitalt samtidig med dei andre studentane i gruppa). 

Undervisninga i fagdidaktikk er delt i to:  

  1. Nokre overordna tema er samla i Felles fagdidaktikk. Nokre av desse undervisningsøktene er samlingane i Volda, men mykje av denne undervisninga vert også gitt som «asynkron undervisning». Dette vil seie digital undervisning i Canvas du skal gå gjennom på eiga hand, innan ei tidsperiode.  

  1. I tillegg skal du delta på undervisning i ei eller to blokker fagdidaktikk, avhengig av undervisningskompetanse i eitt eller to fag. I løpet av juni vil Praksis og samlingsrute verte oppdatert med tider for dei ulike fagdidaktikk-kursa. 

  

Vi føreset at du kjem til studiet for å aktivt og sjølvstendig utvikle deg som lærar. Gjennom varierte arbeidsformer, som krev stor grad av studentaktivitet, prøver vi å legge til rette for dette på best mogleg måte. Det er ein føresetnad at studentane er aktive brukarar av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Canvas er høgskulen sin digitale læringsplattform. 

 

Studieplan og pensumliste 

Studieplanen og emneplanar er publisert på heimesida til Høgskulen i Volda. Pensumlister vert publisert på nettsidene til høgskulen etter 1. juli. Gå på denne sida: www.hivolda.no/for-studentar  Nedst, under «Studieinformasjon», finn du lenke til både studieplan, emneplanar og pensumlister. 

 

Praksis 

PPU har 60 dagar obligatorisk praksis i løpet av studiet, 30 dagar per år. Praksisperiodane omfattar full arbeidsveke over heile dagar. Vi arbeider for å skaffe kvalitetssikra praksisplassar i overkomeleg pendlaravstand for alle. For studentar med undervisningsfag med få timar i skulen kan det vere utfordrande å finne nok praksisplassar, og du må difor førebu deg på noko reiseveg i praksis.  

 

Studieåret 2020-2021: har to dagar samanhengande observasjonspraksis på haustsemesteret, lagt til veke 39-44. Etter jul skal det gjennomførast 28 dagar med rettleia praksis. Frå veke 1 til og med veke 12. Denne praksisen er hovudsakleg lagt til grunnskulen, men for nokre kan praksisen verte lagt til vidaregåande skule. Andre studieår vert praksisen i motsett skuleslag.  

Studieåret 2021-2022: er praksisperioden på 30 dagar plassert i haustsemesteret. 

Inntil 50% av praksis kan gjennomførast på eigen arbeidsplass, for dei som er i tilsetjingsforhold som lærar. Delar av praksis kan også gjennomførast i kulturskule. For alle gjeld at ein i løpet av studiet også skal gjennomføre minimum 15 dagar samanhengande praksis ved ein annan skule enn der ein er tilsett. Meir informasjon om dette, og avtale vert gjort etter studiestart. 

 

Praksiskontorert organiserer all praksis i PPU-studiet. I oppstartsveka gjennomfører praksisansvarleg Torstein Drabløs ein samtale med kvar student om organisering av praksis. Her kartlegg vi mellom anna kvar du kan tenkje deg praksisplassering. Vi har praksisskuleavtale med fleire grunn- og vidaregåande skular i vår region. På grunn av praksisoppfølging, og kvalitetssikring av praksisopplæringa, er desse skulane mest aktuelle som praksisskular. Det er Høgskulen som etter ei heilskapsvurdering avgjer kvar du skal gjennomføre praksis.   

 

Praksisopplæringa i PPU skal omfatte minst 60 arbeidsdagar (Rammeplan for PPU). Obligatorisk frammøte gjeld for all praksis i studiet, og fråvær på grunn av sjukdom eller andre grunnar må takast igjen etter avtale. 

 

Obligatorisk frammøte og deltaking 

Det er obligatorisk deltaking i all undervisning og organisert studiearbeid ved HVO. 

 

I følgje Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HVO § 4-6.2, står mellom anna følgjande:  

Dersom ikkje anna er bestemt i emneplanen, krev ein 80 prosent frammøte/deltaking til  

obligatorisk undervisning i eit emne. 

 

For stort fråvær kan medføre tap av eksamensrett. Studenten har ansvar for å halde seg orientert om fråværet. Emneansvarleg og faglærar registrerer frammøte for undervisingsøktene.  

 

Detaljerte undervisnings-/semesterplanar i alle fag/emne vert kunngjort ved studiestart og lagt i  HVO sin læringsportal Canvas. Sjå også emneplanane for studiet. 

 

Kostnader 

Semesteravgift for haustsemesteret må vere betalt for å få studierett. 

 

Spørsmål  

Har du spørsmål om PPU-heiltid ta gjerne kontakt med: 

 

Torstein Drabløs, Praksisansvarleg, PPU 

Tlf: 70075352 

E-post: torstein.drablos@hivolda.no 

 

Vi gler oss til å møte deg i august!