Mediefag

Høgskulen i Volda har sidan 1971 utdanna fagfolk til den norske mediebransjen, og medieutdanninga i Volda er kanskje den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg i dag.

Mediefaga høyrer til under Avdeling for mediefag (AMF), og har om lag 500 studentar på dei ulike studieretningane. I utdanningane blir det lagt vekt på at teori og praksis går hand i hand, og dette er mogleg på grunn av dei interne og eksterne praksisordninga som høgskulen har. Høgskulen har også eit godt og nært forhold til dei ulike bransjemiljøa både her i Noreg og i utlandet.

 

Avdeling for mediefag har seks bachelorutdanningar, ein mastergrad, årsstudium og etter- og vidareutdanning.

Avdelingsleiing

Kvar avdeling har sin eigen administrasjon og leiing som har ansvaret for avdelinga si verksemd. Dekanen er den faglege og administrative leiaren på avdelinga og sit også i leiargruppa på Høgskulen.

Dekan

Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Prodekan er professor Paul Bjerke.

Avdelingsadministrasjon

Marit Gridseth Flø, seniorrådgjevar. Arbeidsoppgåver knytt til studieadministrasjon og personal.
Solgunn Ose Bjørneset, rådgjevar.
Reidulf Ottar Botn, rådgjevar.
Berge Myrene, medieingeniør.
Mari Lome, førstekonsulent mastergraden og eksterne kurs.

Avdelingsråd

Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde.
Leiar i avdelingsrådet er Hans Martin Dypvik og nesteleiar er Ellen Lexerød Hovlid.