Praksis i barnehagelærarutdanninga

Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingseiningane. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og vi legg stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehagen, studentar og faglærarar ved høgskulen.

Eit mål for praksis i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av leiardagar, pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar.

Vi viser til emneplanar for praksis og Praksishefte del I og II for utfyllande informasjon om gjennomføring, rettleiing og vurdering av praksis. Det er eit krav  at studentane og praksislærarane har god kjennskap til desse dokumenta.

Her blir praksishefte for studieåret 2019/2020 lagt ut:

HeiltidDeltid
  
  

For praksisbarnehagane: sjå også meir informasjon om praksis i Canvas.
 

Det er administrasjonen i barnehagelærarutdanninga som organiserer og koordinerer praksis, og som inngår avtalar med barnehagane som skal ta imot studentar. Studentane skal få erfaring med ulike barnehagar, store og små, kommunale og private også i tillegg til erfaring med ulike aldersgrupper. Studentane skal i løpet av studiet erfare variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til barna i barnehagen. Også når det er studentar i praksis skal barna si kjensle av tryggleik og omsorg vidareførast. Det er viktig at studentar i praksis skal arbeide for at det er ein samanheng mellom barnehagen sin årsplan og innhaldet i arbeidet som studentane skal gjennomføre i praksis.

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre 100 dagar praksis. I løpet av praksis skal studentane oppleve ein progresjon både i høve til oppgåver og arbeidskrav. Arbeidskrava vert stadig meir komplekse og i vurderinga av studenten vil det bli kravd stadig meir. Studentane skal ha ei avsluttande vurdering etter kvart studieår med karakteren stått eller ikkje stått, saman med tilbakemeldingar og framovermeldingar frå praksislærar. Tilbakemeldingane og vurderinga skal hjelpe studenten til å sjå samanheng mellom praksis og teori, samanheng mellom dei ulike kunnskapsområda, og bidra til læring og personleg utvikling for studenten.

Praksisperiodane er integrert med kunnskapsområda, det vil seie at læringsutbytta i praksis skal henge saman med læringsutbytta i kunnskapsområda.

Sidan praksis er lagt til alle årstider, er det nødvendig at studenten har klede til å vere ute i alle typar vêrtilhøve.

Praksis fordeler seg slik:
All praksis er barnehagepraksis

 Heiltid Deltid 
 dagarTema for praksisbolkendagarTema for praksisbolken
1.semester20Observasjon, leie ei barnegruppe i planlagde pedagogiske aktivitetar. Ikkje praksis
2.semester15

Gjere observasjonar av barns språkutvikling. Leie ei barnegruppe og personale gjennom ei høgtidsmarkering, og gjere ei nærmiljøkartlegging. Lederdagar.

25

Gjere observasjonar av barns språkutvikling. Leie ei barnegruppe og personale gjennom ei markering knytt til samane sin nasjonaldag, og gjere ei nærmiljøkartlegging. Lederdagar. 

3.semester15Leie ei barnegruppe og personale gjennom tilrettelegging av estetiske opplevingar. Lederdagar. 
 
30Leie ei barnegruppe og personale gjennom tilrettelegging av estetiske opplevingar. Leie ei barne og personalgruppe gjennom pedagogiske måltidsaktivitetar. Lederdagar. 
4.semester20 + 5

Leie ei avdeling gjennom eit prosjektarbeid.

Gjennom vitskapelege metodar samle kunnskap om overgangen barnehage-skule

 Ikkje praksis
5.semester5Arbeidskrav knytt til fordjuping18Leie ei avdeling gjennom eit prosjektarbeid.
6.semester20Leie delar av eit utviklingsarbeid.17 + 5

Leie delar av eit utviklingsarbeid

Gjennom vitskapelege metodar samle kunnskap om overgangen barnehage-skule.

7.semester ------------------------------------------------5Arbeidskrav knytt til fordjuping.
8.semester ------------------------------------------------ Ikkje praksis