Barnehagelærarutdanning bachelorstudium deltid over fire år (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda har dei siste åra jamleg starta opp deltidsutdanning over fire år. Deltidsmodellen vår er likt bygt opp med den arbeidsplassbaserte modellen. I denne modellen samlar vi studentane til vekesamlingar i Volda seks gangar kvart studieår, i tillegg er det undervisning via konferansesystemet Adobe Connect ein fast dag kvar veke.

Deltidsmodellen vår har i det første studieåret to kunnskapsområde med 20 studiepoeng kvar. Det er Barns utvikling leik og læring og Samfunn, religion, livssyn og etikk. I det andre studieåret har vi to meir praktiske kunnskapsområde. Det er Kunst, kultur og kreativitet med 30 studiepoeng og Natur, helse og rørsle med 20 studiepoeng. I tredje studieår har vi Språk, tekst og matematikk med 30 studiepoeng, Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid med 15 studiepoeng. I fjerde studieår har vi ei valbar fordjuping på 30 studiepoeng om hausten, og så avsluttar vi med bacheloroppgåva på 15 studiepoeng om våren. I dette studieåret er det 5 vekesamlingar om hausten og til saman ei vekesamling om våren.

Det er 100 dagar praksis fordelt på fire år slik: 25 dagar første studieår, 30 dagar andre studieår, 40 dagar tredje studieår og 5 dagar fjerde studieår.

Modell barnehagelærarutdanning -deltid

 

Les om fjernundervisning på deltids arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning via Adobe Connect.

Undervisning Adobe Connect

For meir informasjon sjå i studiekatalogen vår.