Ymse

ALARMPLAN LÆRAR/ELEVAR

  1. Den som oppdager at ein elev er i fare, må med ein gong slå alarm, slik at redningsaksjonen straks kan komme i gang.
  2. Få eleven raskt på land. Er det mistanke om nakke-/ryggskade, må ein vere ekstra varsam med ilandføringa. Ei båre er best til det bruk. Dei andre elevane får beskjed om å avslutte i bassenget, og gå å ta på seg kleda.
  3. Har eleven slutta å puste, må ein straks setje i gang med innblåsing etter munn-til-munn-metoden. Kjenner ein heller ikkje puls, må ein straks setje i gang med full hjarte-lunge-redning (HLR). Samstundes må ein annan person straks ringje næraste lege/sjukehus. Sei frå kva som har hendt og oppgi nøyaktig adresse. Meld samstundes frå til politi og til rektor, som kontaktar føresette.
  4. Driv på med HLR til lege/ambulansepersonell har overteke eller at eleven har livna til.
  5. Ein person må stå ute og ta i mot legen/ambulansen og vise raskaste vegen til symjehallen.
  6. Den som har leidd redningsaksjonen, skal følgje med i ambulansen.
  7. Dei ansvarlege for timen skriv rapport om ulykka.
  8. Det bør ordinært vere øving i bruk av alarmplanen ved starten av kvart skoleår.

ADGANGSRETTAR I STUDENTKORTET

For HVO-studentar er studentkortet ope (dvs opnar dører) frå semesterstart ca 15. august og til semesterslutt om våren ca 20.6. For dei som sluttar studiet ved jul stenger kortet ved nyttår.

Last ned faldar om studentkort (pdf)

Alle HVO-studentar har ein basis-adgang i kortet, dvs alle dei store husa og felleområda  24 timar i døgnet 7 dagar per veke. (Idrettsbygget: adgang måndag.fredag kl 08-16, VSI-medlem måndag-fredag kl 08-22)
Dei som studerer eit emne der undervisinga foregår i spesialrom får adgang til desse når dei er registrert i StudentWeb på emnet. Dette skjer automatisk (med ca 5 minutt forsenking)

I sommarferien frå ca 20.6 - 15.8 er studentkorta stengt.
Studentar som treng tilgong i sommar må vende seg til avdeling/faglærar el.l. som sender ein epost til Drift med stadfesting av behovet.
Terskelen treng ikkje vere høg, men det må vere eit studie-relatert behov. «Eg skal vere i Volda i sommar» er ikkje nok.
Dei får då tilgong til lesesal i BK 2. etg og datarom i BK 3.etg.

Studentar som kjem direkte til Drift vert bedt om å vende seg til avdelinga.

Vi treng ikkje kortet for å opne det, epost er nok.

GJESTESTUDENTAR

HVO har ei ordning der studentar frå andre høgskular og universitet kan få tilgong til nokre av våre lokaler for å kunne lese her. Dei som har behov for tilgong gjennom eit semester kan få eige gjestestudentkort. Dette gir tilgong til Berte Kanutte-huset , lesesal og datarom heile døgnet alle dagar:

Ta med studentkort og kvittering for betalt semesteravgift til sørvistorget. Dei lagar HVO gjestestudentkort, som vert opna for eitt semester i gongen.

Dei som har behov for tilgong for ei kort periode kan bruke biblioteket i opningstida og Miljøromet eler kantina utanom opningstida. HVO lagar ikkje gjestestudentkort for korte periodar.

IDRETTSBYGGET

Praktiske opplysingar om bruk og leige av Idrettsbygget.

Det er ein gul alarmtelefon ved kontrollromet. Den kan kun brukast til nødnummer.

 

INNEKLIMA PÅ ARBEIDSPLASSEN

Arbeidsmiljølova styrer HMS-området og Arbeidstilsynet fører tilsyn med at lova vert fulgt. 
Det er laga ein vegleiiar som listar opp nokre av krava til eit godt arbeidsmiljø.

sjå http://www.arbeidstilsynet.no/artikkel.html?tid=78883

KONTORTID, OPNINGSTIDER OG TILGANG

KONTORTIDA ER 
15. MAI - 15. SEPTEMBER KL 0800 - 1500
15. SEPTEMBER - 15. MAI KL 0800 - 1545

Berte Kanutte-huset: Måndag-torsdag: 0730 - 2000
Fredag: 0730 - 1700
Laurdag: 1000 - 1400
Søndag: Stengt
HVO-studentar: Alle dagar heile døgnet

Kaarstad-huset
Strøm-huset
Aasen-huset

I kontortida HVO-studentar: Alle dagar heile døgnet
Nedretun, LettbyggetI kontortida: HVO-studentar:
I kontortida Idrettsbygget: Alltid stengt
HVO-studentar: Måndag-fredag: 0700 - 2200

Kroppsøving: Laurdag-søndag: 0700 - 2200

Studentar med tilgang til spesialrom har tilgang til desse alle dagar heile døgnet.

Undervisningsroma er ulåst måndag-fredag kl 0730 - 1615
Studentar med kort har adgang til BK vesle auditorium og Strøm 245  kveld og helg (24x7)

MAKULERING

Dersom du har eit behov for å makulere papir så er det to måtar å gjere det på:

  • gjer det sjølv på makuleringsmaskinene rundt på campus
  • levere til Drift, som køyrer det til Grautneset til forbrenning

Har du større mengder som du ynskjer forbrent så kontakt Drift

POSTRUTENE

POSTRUTENE GÅR SLIK:

Postruter

REGLEMENT FOR PLAKATOPPSLAG OG INFORMASJONSTILTAK

PLAKATOPPSLAG

Det er høve til å henge opp plakatar som er relevant for studentar på tavleveggar merka til dette føremålet. 

• Alle oppslag skal stemplast og daterast på kontoret til Studentparlamentet eller i resepsjonen. 

• Oppslaga får henge maksimalt i tre veker.

• Det er ikkje høve til å henge opp fleire enn eit av same oppslaget på kvar tavlevegg, og storleik på oppslaga skal maksimalt vere A2.

• Ver venleg å unngå bruk av stiftepistol. 

• Oppslag som ikkje er stempla eller heng utanfor tilviste stader, vert fjerna.

• Plakatveggane i plexiglas kan nyttast av studentorganisasjonar/-festivalar og tilsette til tiltak retta mot studentane. Denne må bookast før bruk ved å vende seg til Studentparlamentet sitt kontor stiv@hivolda.no.

STANDAR OG INFORMASJONSTILTAK

Det er høve til å ha stand og andre informasjonstiltak i fellesareala ved Høgskulen etter avtale med Studentparlamentet. For kommersielle aktørar gjeld fylgjande prisar: kr 2 000,- per dag. Sponsorar eller andre samarbeidspartar kan ha eigne avtalar. Ideelle lag og organisasjonar, samt studentorganisasjonar, står gratis. 

Kontaktperson signerer kontrakt om standplass med Studentparlamentet. 

Gjeldande retningslinjer: 

• Ein tek sjølv med seg naudsynt utstyr/materiell, ryddar etter seg og forlet området slik det var. 

• Ein tek vanlege høflegheitsomsyn. Normal ferdsel skal ikkje hindrast, og aktiviteten skal halde seg til tildelt plass. Pågåande/plagsam åtferd er uakseptabelt. 

• Plakatar, flygeblad og anna materiell skal godkjennast av Studentparlamentet før bruk, og kan hengast opp på oppslagstavler merkt til føremålet. Ver venleg å unngå stiftepistol. 

• Sal av gjenstandar og medlemsskap er berre tillate dersom det har særleg relevans for studentar. Dette skal avklarast med Studentparlamentet på førehand. 

• Høgskulen sitt uteområde skal ikkje nyttast til kommersiell aktivitet utan særskild avtale. Bruk av elektronisk utstyr som kan utløyse brannvarslar, t.d. vaffelsteiking, er ikkje tillate.  

 

REINHALD

For heile HVO er reinhaldet basert på Norsk standard for reinhald, INSTA 800
Kontroll av kvaliteten skjer 2 gongar per år og vert uftført av ein uavhengig konsulent.

Skildring av reinhald.pdf     Arbeidsdeling undervisingsrom.pdf    
Arbeidsdeling kontor mm.pdf    Kvalitet etter INSTA800.pdf


Merknadar og klager skal sendast til drift@hivolda.no

RØYKING PÅ CAMPUS

Reglane for røyking står no i HMS-handboka:

Frå 1. juli 2014 er det nye reglar for røyking på Campus.

Bakgrunn er endring i tobakksskadelova § 25 der det er krav om at utandørs inngangspari til offentlege verksemder skal vere røykfrie.

 

Reglane for røyking er:

Det er ikkje lov å røyke innadørs.

Alle inngangsparti er røykfrie.

 

Tilsette kan sjå den her

VAKTSELSKAP

Det er no Securitas som er vaktselskap ved Høgskulen i Volda.
Vakta kan nåast på telefon 02452