Timeplansøk

Bading for tilsette 
Timeplanen for symjehallen finn du over. Der går det fram kva tid som er reservert for tilsette. Det er to timar per veke på kvelden i perioda måndag til fredag.

Der ikkje noko badevakt-ordning, så badinga skjer "på eige ansvar". Døra til Idrettsbygget er alltid stengt, så hugs å ta med tilsett-kortet.
Det er tradisjon for at tilsette kan ta med familiemedlemmar (tanter, onklar o.l. er ikkje familie i denne samanhengen). 
Det er sjølvsagt ikkje høve for tilsette å låne vekk tilsettkortet, og ikkje i andre samanhengar heller. Det er ikkje høve til å sende born åleine på badinga. 

 

Helgar og høgtider - Når lokala er utleigde har tilsette ikkje adgang !
Når gymsalane eller symjehallen er ledig i høgtider eller laurdag og søndag kan tilsette bruke gymsalar eller symjehall på bestemte vilkår:

  • den tilsette må sjølv vere tilstade
  • det er sjølvsagt ikkje høve for tilsette å låne vekk tilsettkortet.
  • den tilsette kan ta med næraste familie (ikkje tanter, onklar ol.l)
  • kvar tilsett kan ta med ein ikkje-tilsett utanom familie
  • det er ikkje reinhald på desse dagane. lokala kan derfor vere tilrota og tilgrisa av tidligare bruk.
  • den tilsette (og dei som måtte vere med) må ikkje rote og grise til:  Sporlaus ferdsel !
  • Det er ikkje høve til å sende born åleine på badinga. 
  • Misbruk kan føre til at ordninga vert stramma inn
     

Morgenbading
Reinhald av Idrettbygget startar kl 06. Enkelte dagar vert dusjar og trapp til bassenget reingjort ved hjelp av skum. Det er helseskadeleg å få skummet på seg.
Tilsette som ynskjer å bade om morgonen må sjekke at symjehallen ikkje er utleigd og at det ikkje vert utført reingjering.