Studiebarometeret: Volda-studentane har aldri vore meir nøgde
Studentane i Volda er meir nøgd med studia sine enn snittet av studentar i landet, og heile tre studium ved Høgskulen i Volda får ein heilt unik og historisk toppscore i Studiebarometeret.

– Tre bachelorar med karakteren 5,0 er skikkeleg stas! Vi er veldig stolte. Eg veit ikkje kva fleire fine ord eg skal bruke, det kan ikkje bli betre, strålar Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved Høgskulen i Volda.
Han har nettopp fått resultata frå Studiebarometeret 2025, som vart lystig lesing for den øvste, faglege ansvarlege ved høgskulen.
Kvar haust blir over 70 000 studentar ved alle høgskular og universitet i landet spurde om korleis dei ser på kvaliteten i studieprogramma sine. Undersøkinga går ut til andreårsstudentar på bachelorprogram og masterprogram og femteårsstudentar på femårige masterprogram. Fredag kom resultata.
For å sette rektorens jubel litt i perspektiv, hjelper det å seie at det er den overordna tilfredsheita studentane har gitt uttrykk for og at poengskalaen går frå 1,0 til 5,0.
Der 5,0 er eit svært sjeldan resultat, aldri før har eit studieprogram ved Høgskulen i Volda (HVO) oppnådd det. Og når det først skjedde, blei det altså eit kinderegg – tre på ein gong!
Snittet for alle studentane som har svart ved HVO er på 4,1, som er over landssnittet på 4,0 og likt med tidlegare bestenotering for HVO. Ein må ni år tilbake i tid for å finne sist HVO oppnådde 4,1.
Fleire toppresultat for mediefag
Bachelorprogramma animasjon, medieproduksjon og design, kunst og handverk er dei som studentane har gitt 5,0.
Som dekan ved Avdeling for mediefag, er Ivar John Erdal ansvarleg for dei to førstnemnde. Han kan ikkje ann enn så smile.
– Dette var kjekt! Bak desse tala ligg det mykje hardt arbeid frå engasjerte tilsette som brenn for faget sitt og formidlar denne entusiasmen vidare, seier Erdal.

Mediefaga ved HVO har dei siste åra scora godt i Studiebarometeret, i år kan ein også legge Master in Media Practices med 4,6 og journalistikk med 4,3 til denne skrytelista. Erdal trur ikkje det er tilfeldig.
– Mediefaga har mykje praksis og tett oppfølging av studentane, og det gjev både motivasjon og gode resultat. I år er det medieproduksjon og animasjon som utmerkar seg spesielt godt, og det er berre å gratulere staben i desse studieprogramma, seier dekanen.
Kulturfag-studentane flyg høgt
Design, kunst og handverk er verkeleg i vinden om dagen, i 2025 fauk søkartala deira oppover – og no denne suverene tilbakemeldinga frå andreårsstudentane. Kjetil Høydal, dekan ved Avdeling for kulturfag, er ikkje overraska over at studentane trivst så godt med studiet sitt.
– Vi har gode og velutstyrte verkstadar der studentane bruker mykje tid. Verkstadane er sosiale møtestadar gjerne over ein kopp kaffi, samstundes som dei får utvikle seg innan ulike materialområde, fortel Høydal.
Han meiner ein viktig suksessfaktor er tilsette som byr på seg sjølve og som gjennom eigen erfaring veit kva dei snakkar om og underviser i.
– Lærarane har god kontakt med studentane, og det er kort veg mellom verkstadane og kontora til dei tilsette – open dør-kultur. Emna er praktiske og meistringsdrivne, noko som truleg gir studentane ei oppleving av framgang og progresjon. Dei som underviser er også mykje til stades i verkstadane. Dei jobbar med eigne prosjekt, og gjennom det får studentane eit anna blikk på dei som undervisarar og fagpersonar, forklarar Høydal.
Dei to andre studia ved Avdeling for kulturfag som hadde høg nok svarprosent til å få eige resultat, har også all grunn til å vere godt nøgde. Bachelorane friluftsliv og naturguide og musikk fekk høvesvis 4,5 og 4,3.
Samla sett gir det Avdeling for kulturfag sterke 4,6.
– Dette er eit imponerande resultat, som fortel oss at vi gjer noko riktig. Generelt, så tenker eg vi har tett og god oppfølging av studentane våre i alle fagområda ved avdelinga, og at det bidreg til gode resultat, poengterer Høydal.
God trend i Volda
Sosionom og barnevernspedagog har gjennom ei årrekke vore garantistar for å trekke til seg mange nye Volda-studentar. Tilbakemeldingane gjennom Studiebarometeret i 2025 for desse utdanningane er gode – begge får 4,2.
Totalen for Høgskulen i Volda landa altså på 4,1. Å vere betre enn snittet for alle høgskular og universitet i landet (4,0), gler rektor Tonheim seg over.
– Vi held fram med ein god trend i Studiebarometeret. Det er stort sett stabilt eller framgang på dei overordna nivåa, og det teiknar eit godt bilde. Det vitnar om at studentane synest Volda er ein god plass å studere, at studia våre er relevante og at undervisninga held høg kvalitet, seier Tonheim.
Undersøkinga er delt inn i åtte hovudområde, HVO er over landssnittet på tre av dei, likt på fire av dei og under landsnittet på eitt.
Eitt av områda tek for seg tilbakemelding og rettleiing frå lærarane, der gjer HVO det skarpt.
– Det betyr mykje for oss. Å vere tett på studenten er ein del av visjonen vår, og det skal vere låg terskel for studenten å ta kontakt med lærarane sine. Studentane skal kunne banke på den opne kontordøra og få svar, og lett prate om og få svar på spørsmål om undervisning og studieløp.
Topp bibliotek og studentane blir høyrt
Med same openheit og tilgjengelegheit vil studentane bli møtt med i biblioteket ved høgskulen. Tradisjonen tru gir studentane biblioteket sitt ros gjennom Studiebarometeret, i år med karakteren 4,4.

– Biblioteket har dyktige tilsette som vil studentane sitt beste. Dei er flinke til å legge til rette for at biblioteket er ein god og varm plass å vere for å lære, jobbe og vere sosial. Biblioteket har vorte pussa opp dei siste åra og blant anna fått mykje nye møblar. Da er vi glade for å sjå at studentane set pris på det og at satsingane våre med å investere i campus ber frukter, seier Tonheim.
Eitt av punkta i undersøkinga rektoren beit seg spesielt merke i er medverknad. I det ligg det i kor stor grad og korleis studentane kan vere med på å påverke innhaldet og opplegget i studiet, og om innspela deira blir høyrt og følgt opp.
Her gir studentane ved HVO scoren 4,1, som er langt over landssnittet på 3,4.
– Dette er vi glade for å høyre, for det er tross alt studentane vi er her for, og da skulle det berre mangle at vi lyttar til dei og tek tilbakemeldingane deira på alvor. Vi legg til rette for dette gjennom fleire forum. I tillegg har vi eit svært godt samarbeid med Studentparlamentet i Volda, som er flinke og aktive, forklarar Tonheim.
Bra og mindre bra frå lærarstudentane
Tradisjonelt sett har grunnskulelærarstudentane vore litt sparsommelege med å gi dei aller beste tilbakemeldingane gjennom Studiebarometeret, både ved HVO og nasjonalt.
Slik er det ved HVO i år også. Grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn får 3,5, medan grunnskulelærarutdanning for 5.–10. trinn får 3,3.
– Årets studiebarometer har nokre positive resultat, samstundes som resultata tydeleg viser at vi framleis har ein del å jobbe med og utvikle, kommenterer Eivind Hanevik, studieleiar for grunnskulelærarutdanninga ved HVO.
Han har dykka ned i undersøkinga og sett nøye på svara. Der finnast det også ein del bra.
– Det er svært gledeleg å sjå at det faglege og sosiale læringsmiljøet går signifikant opp. Med eit sterkt fagleg og sosialt læringsmiljø blant studentane har vi eit godt utgangspunkt for å arbeide med det studentane er mindre nøgde med. Eg synest også det er gledeleg at studentane melder at vi er gode på å gi konstruktive tilbakemeldingar, noko vi veit er avgjerande for å utvikle seg som lærarstudent, seier Hanevik og held fram:
– Når det gjeld saker vi får lågare score på, som den faglege samanhengen mellom emna, er dette ei utfordring vi ikkje er åleine om og som vi heile tida arbeider med å forbetre. Forhåpentlegvis kan ein mindre rigid rammeplan gjere arbeidet med å lukkast med dette enklare.
Hanevik stussar over at studentane ikkje har gitt spørsmålet som omhandlar tilknyting til arbeidslivet høgare score.
– Med 115 dagar praksis i skulen, bonuspraksis, tre lærarar frå grunnskulen i kombinerte stillingar ved høgskulen og eit tett samarbeid med våre tre lærarutdanningsskular, så må eg seie at eg undrar meg over at vi ikkje scorar høgare på dette punktet. Det vil eg gå i dialog med studentane for å finne ut av.



