Stem på favorittane dine til høgskulestyret

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Valkampen er for alvor i gang og frå 1. oktober kan alle studentar ved Høgskulen i Volda stemme på den dei ønsker skal sitte i høgskulestyret. Stem og ver med på å påverke studiekvardagen din!

Valet av studentrepresentantar til høgskulestyret startar torsdag 1. oktober. I år er det heile 20 nominerte å velje mellom.

Sjå alle kandidatane her.

Korleis stemme

I perioden 1. oktober til 9. oktober kl. 14.00 2020 skal det veljast to faste studentrepresentantar, samt to vararepresentantar.

Du kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.

Valet går føre seg via SurveyXact. Du vil få tilsendt ein link til valet i studenteposten din 1. oktober, logg deg på her: e-post studentar.

Viktige saker

Studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen.

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.
 

Del på